Neve Shalom (hebraisk נְוֵה שָׁלוֹם), òg kalla Wāħat as-Salām (arabisk واحة السلام). er ein landsby grunnlagd av israelske jødar og palestinsk-israelske arabarar i eit forsøk på å syne at dei to gruppene kunne leve side om side i fred, i tillegg til å lære bort fredsarbeid. Landsbyen ligg på ein av to åstoppar i Latrun oppom Ayalondalen, midtvegs mellom Tel Aviv og Jerusalem. Han høyrer til Mateh Yehuda regionale kommune og hadde i 2011 eit folketal på 236.
Historie Namnet Neve shalom er henta frå [ Jesaja 32:18]: «Mitt folk skal bu på ein fredeleg buplass.». mini|venstre|Neve Shalom Landsbyen vart skapt av Bruno Hussar. Han var fødd i Egypt av ikkje-praktiserande jødar og konverterte til kristendom medan han studerte i Frankrike. Her var han vitje til antisemittismen i Frankrike under verdskrigen.. Han gjekk inn i dominikanarordenen og vart prest i 1950. Han vart send til Jerusalem for å opprette eit senter for jødiske studiar i 1953 og fekk israelsk borgarskap i 1966. I 1970 fekk han takt i førti hektar.) jord, klassifisert som ingemannsland i Latrun.. Området var audt, utan tre og vatn og dekt med buskar, og hadde ikkje vore dyrka sidan bysantinsk tid.. Han fekk fleire utlendingar med seg, men etter to månader var få att, utanom Anne LeMeignon som slo seg ned i ei hytte og vart verande..
Hussar såg for seg eit prosjekt der folk skulle leve saman med gjensidig respekt for kvarandre, samstundes som ein bevarte kulturarva, språket og identiteten sin. Samstundes skulle samfunnet fungere som ein fredsskule der folk frå heile landet skulle lære og lytte til kvarandre..
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Neve Shalom–Wahat al-Salam» frå , den 12. oktober 2014. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Heimeside School for Peace
Kategori:Blanda israelske samfunn Kategori:Skular i Israel Kategori:Busetnader grunnlagde i 1969 Kategori:Fredsorganisasjonar Kategori:Israelske organisasjonar Kategori:1960 i Israel Kategori:Busetnader i Jerusalem distrikt