Kelly Holmes () er ein britisk tidlegare friidrettsutøvar som tevla internasjonalt på mellomdistansane. I 2004 vart ho den tredje kvinna som vann gullmedalje både på 800 og 1500 meter i eit OL.
Aktiv Holmes braut gjennom internasjonalt i europameisterskapen 1994 i Helsingfors, då ho i eit lureløp på 1500 meter sikra seg sølvmedaljen. Same sesongen vann ho den same distansen i samveldeleikane i Victoria. Året etter tok ho VM-sølv i Göteborg, einast regjerande verdsmeister og olympiske meister Hassiba Boulmerka frå Algerie, let seg ikkje slå. Kort etter verdsmeisterskapen gjorde Holmes sitt livs snøggaste 800 meter, i Monaco vart ho klokka i mål på 1.56,21.
Under Sommar-OL 2000 i Sydney tok Holmes si fyrste olmpisk medalje, ein bronse på 800 meter. Bronsemedalje på 800 m fekk ho også i friidretts-EM 2002 i München. I 2003 steig ho ein plass opp på sigerspallen på 800 meter og fekk sølv i Paris-VM, som i Sydney-OL vart Maria Mutola frå Mosambik vinnar av VM-tevlinga.
Høgdepunktet for Holmes kom då ho var 34 år gammal. Under sommarleikane 2004 i Aten vann ho 800 meter med fem hundredeles margin til marokkanske Hasna Benhassi. Fem dagar seinare sigra på 1500 meter med tida 3.57,9, britisk rekord og vel to tidels sekund framom sølvvinnar Tatjana Tomasjova frå Russland.
Kelly Holmes la opp som aktiv utøvar i 2005.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Kelly Holmes» frå , den 12. oktober 2014.
World Athletics
Kategori:Britiske mellomdistanseløparar Kategori:Olympiske meistrar for Storbritannia Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Storbritannia Kategori:Britiske deltakarar under sommar-OL 1996 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1996 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2000 Kategori:Britiske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2004 Kategori:Britiske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004