Antarktisk krill (Euphausia superba) er ein type kril som er nøkkelart i det antarktiske økosystemet i Sørishavet. Kvar kril kan bli opptil 6 cm lang og 2 gram tung. Antarktisk kril lever i store stimar, eller sverma, som kan ha opptil 10 000–30 000 individ per kubikkmeter. Krilen lever i omtrent 6 år.
Antarktisk kril lever på små planteplankton som tek opp energi frå sollys. Krilen blir i sin tur eten av større dyr som selar, kvalar, fuglar og fiskar, ofte som hovudnæringskjelda. Ut frå total biomasse, som ein reknar med ligg rundt 500 millionar tonn, kan antarktisk kril vera det mest utbreidde dyret på jorda.
Krilen har eigne organ for bioluminescens, lys laga av dyra sjølv. Lysorgana sit parvis ulike stader på kroppen.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Antarctic krill» frå , den 14. oktober 2014.
Bakgrunnsstoff «Virtuelt mikroskop» av antarktisk kril ved ecoscope.com. Krill cam. Nettkamera av antarktisk kril i eit akvarium.
Kategori:Krepsdyr Kategori:Dyr i Antarktis Kategori:Sørishavet