Nesseby (nordsamisk Unjárgga gielda, finsk Uuniemen kunta) er ein kommune i austlege Finnmark fylke. Kommunen grensar i nord og vest til Tana kommune, og i aust mot Vadsø og Sør-Varanger kommune. Nesseby har ei kort grense mot Finland i sør. Bygder her er mellom anna Varangerbotn og Nesseby.
Folketalsutvikling Nesseby har vore den minste kommunen i Finnmark i folketal, etter at Polmak vart slått saman med Tana i 1964.
Folketalsutvikling for Nesseby kommune frå 1920: 1.12.1920Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921) 1.12.1930Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950) 3.12.1946 1.1.1951Folkemengd i Nesseby 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå 1.1.1961 1.1.1971 1.1.1981 1.1.1991 1.1.2001 1.1.2010 1170 1321 1457 1512 1364 1193 1087 1056 963 884
Folk frå Nesseby
Andreas Nordvi (1821–1892), kjøpmann og arkeolog (Mortensnes) Isak Saba (1875-1921), politikar (Ap), første same på Stortinget Anathon Aall (1867-1943), professor i filosofi, grunnleggjar av Psykologisk institutt ved Universitetet i Oslo Finn Lützow-Holm (1890-1950), marineoffiser og pionerflygar Raimo Valle (f. 1965), politikar, statssekretær (Ap) 2007-2012 Gunn-Britt Retter (f. 1971), politikar (NSR) Silje Karine Muotka (f. 1975), Sametingsråd for Norske Samers Riksforbund (NSR) Kirsti Bergstø (f. 1981), stortingsrepresentant (SV) 2013-2017, nestleiar i SV frå 2017 Hege Siri (f. 1973), forfattar og kunstfotograf Agnete Johnsen, Emelie Nilsen, Viktoria Eriksen og Alexander Touryguin, musikarar i gruppa «The BlackSheeps».
Fotnotar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Kommunar i Finnmark Kategori:Samiske kommunar Kategori:Norske kommunar skipa i 1839