mini|400px|Geometrisk konstruksjon nytta av Hipparkhos for å finne avstanden til sola og månen. Almagest er hovudverket til astronomen Klaudios Ptolemaios frå Alexandria frå 100-talet og den viktigaste kjelda til kunnskapen vår om astronomisk forsking i antikken. Tittelen kjem frå arabarane, som oversette verket i 827. Det opphavlege greske namn var Megále syntaxis (Det store systemet), megále vart seinare til megíste (største) som, med den arabiske artikkelen føre vart forvanska til Al mágisti. Verket består av i alt 12 bøker som omhandlar forskjellige tema.

Verket handlar om den tilsynelatande rørsla til stjernene og planetane og var akseptert i meir enn tolv hundre år fram til Kopernikus.

Kosmos i følgje Ptolemaios

Kosmologien i Almagest består av fem hovudpunkt, kvart av dei er eit eige kapittel i Bok 1.

Himmelen er sfærisk og flyttar seg som ein sfære. Jorda er ein sfære. Jorda er i sentrum av kosmos. Jorda, i forhold til fiksstjerner, har ikkje noko storleik og må handsamast som eit matematisk punkt., Book I, Chapter 5. Jorda flyttar seg ikkje.

Kjelder Almagest. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 13. august 2014 frå http://snl.no/Almagest. Denne artikkelen bygger på «Almagest» frå , den 17. oktober 2014. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff University of Vienna: Almagestum (1515) PDF

Kategori:Arabiske ord og uttrykk Kategori:Astronomibøker Kategori:Astronomihistorie Kategori:Verk av Ptolemaios Kategori:Astronomi i antikken Kategori:Bøker frå 100-talet