Alchemy: Dire Straits Live er eit dobbelt konsertalbum og det første konsertalbumet til det britiske rockebandet Dire Straits, gjeve ut 14. mars 1984 på Vertigo Records internasjonalt og av Warner Bros. Records i USA. Albumet vart innspelt i Hammersmith Odeon i London den 22–23. juli 1983, og inneheld nokre av dei mest kjende songane frå dei fire første albuma deira, EPen ExtendedancEPlay og filmmusikkalbumet Local Hero (komponert av Mark Knopfler). Mange av songane var omarrangert eller forlenga med improvisasjonar. Plateomslaget er henta frå eit måleri av Brett Whiteley. Alchemy: Dire Straits Live vart nymastra og gjeve ut på ny den 8. mai 2001.
Innspeling Alchemy: Dire Straits Live vart spelt inn ved Hammersmith Odeon i London 22–23. juli 1983, dei to siste konsertane på den åtte månader lange Love Over Gold-turneen deira. Opptaka vart gjort av Mick McKenna ved hjelp av Rolling Stones Mobile. Nigel Walker var lydteknikar. Innspelinga vart miksa av AIR Studios i London i november 1983.
«Tunnel of Love» starta med ein nesten fire minuttar langs jam med element frå songen, etterfølgd av den korte «Carousel Waltz» og resten av songen.
Platemeldingar William Ruhlmann skreiv på AllMusic om albumet at «musikken er langsam og stemningsskapande med den mumlande vokalen til Mark Knopfler, akkompagnert av fingerplukkinga hans på det som høyres ut som ein forsterka spansk gitar, og ropa frå publikum. Publikum jublar vilt og klappar og syng med, som om kvar song var ein livleg rockelåt».http://www.allmusic.com/album/alchemy-dire-straits-live-mw0000189678
Innhald
LP
CD «Love over Gold», som vart gjeven ut som ein eigen singel i 1984, vart lagt til albumet for CD-utgåva, og uttoninga mellom side ein og to, og side tre og fire er fjerna. Fleire spor var lengre på CD-utgåva, og rekkefølgja er noko annleis: «Romeo and Juliet» og «Expresso Love» har byta plass.
Tre andre songar vart spelt inn òg, men finst ikkje på den offisielle utgåva: «Industrial Disease», «Twisting by the Pool» og «Portobello Belle», med ei forkorta utgåve av den siste songen på samleplata Money for Nothing, som kom i 1988.
Medverkande Dire Straits Mark Knopfler – gitar, vokal Alan Clark – klaverinstrument John Illsley – bassgitar Hal Lindes – gitar Terry Williams – trommer
Andre musikarar Mel Collins – saksofon Tommy Mandel – klaverinstrument Joop de Korte – perkusjon
Produksjon Mark Knopfler – produsent Mick McKenna – innspelingsteknikar Nigel Walker – lydteknikar Jeremy Allom – assisterande lydteknikar Brett Whiteley – måleri C More Tone Studios – plateomslag
Videoutgåve Konsertfilmen vart opphavleg gjeven ut på Beta, VHS og Laserdisc, og digitalt mastra i 1995. Ein DVD og Blu-ray Disc-versjon med nymiksa 5.1 DTS-kringlyd kom ut i mai 2010. Songen «Love over Gold» er ikkje med på videoen, men er på DVDen og Blue-ray-utgåva, men finst på samleplata Sultans of Swing: The Very Best of Dire Straits.
Lister
Album Liste (1984)PlasseringAusterrike9Canadian RPM Album Chart26Nederland1Tyskland8New Zealand3Noreg7Sverige19Sveits3UK Album Chart3US Billboard 20046
Salstrofé
Album
Video
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Alchemy: Dire Straits Live» frå , den 21. oktober 2014. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Alchemy på den offisielle heimesida til Mark Knopfler Alchemy Live (TV, 1984) at IMDb
Kategori:Dire Straits-album Kategori:Konsertalbum frå 1984 Kategori:Album produserte av Mark Knopfler Kategori:Vertigo Records-album Kategori:Warner Bros. Records-album Kategori:Engelskspråklege album