«Money for Nothing» er ein song av det britiske rockebandet Dire Straits frå albumet deira Brothers in Arms frå 1985. Teksten er skriven frå synspunktet til ein arbeidarklassemann som ser på musikkvideoar og kommenterer det han ser. Innspelinga var kjend for den kontroversielle teksten, den banebrytande musikkvideoen og gjesteframferda til Sting som syng falsettstemma i introen og på refrenga, «I want my MTV». Videoen var òg den første som vart send på MTV Europe då nettverket starta opp den 1. august 1987.
Han var ein av dei mest suksessrike singlane til Dire Straits, og låg på toppen av singellista i USA i tre veker. I heimlandet til Dire Straits, Storbritannia, nådde singelen fjerdeplassen. «Money for Nothing» vann ein Grammy for beste rockesong av duo eller gruppe i 1986.
Medverkande Mark Knopfler – gitar, solovokal John Illsley – bass, korvokal Alan Clark – klaverinstrument Guy Fletcher – synthesizerar, korvokal Terry Williams – trommer Omar Hakim – trommer Sting – korvokal
Musikk I innspelinga prøvde Knopfler å etterlikne gitarstilen til ZZ Top-gitaristen Billy Gibbons. Gibbons sa seinare til magasinet Musician i 1986 at Knopfler hadde spurt Gibbons om korleis han kunne få til denne lyden, og la til: «Han gjorde ikkje ein dårleg jobb, når du tenkjer på at eg ikkje fortalte han noko som helst!» Knopfler brukte ein Gibson Les Paul-gitar (i staden for ein Fender Stratocaster), som han plugga i ein Marshall-forsterkar. Ein annan faktor i forsøket på å gjenskape lyden var ein wah-wah-pedal som var skrudd på, men sett til ein fast posisjon.
«Money for Nothing» har eit særs gjenkjenneleg gitarriff som opnar sjølve songen. Songen er òg kjend for den lengre introduksjonen, som vart korta ned for radio og musikkvideo. Gitarriffet kjem att fleire gonger gjennom songen.
Tekst Mark Knopfler skildra låta i eit intervju i 1984 med journalisten Bill Flanagan:
Forteljaren i songen referer til ein musikar som "slår på bongotrommene som ein sjimpanse" («banging on the bongos like a chimpanzee») og skildrar ei kvinne slik: «stickin' in the camera, man we could have some fun». Han skildrar ein songar som "den vesle homsen med øyrering og sminke" («that little faggot with the earring and the make-up»), og klagar over artistar som får "pengar for ingenting og damene gratis" («money for nothing and chicks for free»).
Read more: Dire Straits - Money For Nothing Lyrics | MetroLyrics
I 2000 vart Knopfler intervjua av Michael Parkinson og forklarte igjen opphavet til teksten. I følgje Knopfler var han i New York og stoppa i ein elektronikkbutikk. Bak i butikken hadde dei ein vegg med fjernsyn, som alle synte MTV. Knopfler sa det var ein mann som arbeidde der, kledd i baseball-caps, arbeidsstøvlar og ei rutete skjorte, som leverte boksar. Mannen stod ved sidan av han og medan dei stod der og såg på MTV, hugsar Knopfler at mannen sa ting som «what are those, Hawaiian noises?...that ain't workin'», etc. Knopfler bad om ein penn for å skrive ned somme av desse linjene og nytta dei etter kvart i teksten til musikken.
Mötley Crüe-bassisten Nikki Sixx hevda i eit intervju med Blender at songen handla om livsstilen til bandet, og at Knopfler høyrde nokre arbeidarar i ein butikk som kommenterte ein video av Mötley Crüe.
Forfattarskapen for låtskrivinga er delt mellom Mark Knopfler og Sting. Sting vitja Montserrat under innspelinga av songen og vart invitert til å synge korvokal. Sting har sagt at det einaste han bidrog med var linja «I want my MTV», som følgde melodien frå songen hans «Don't Stand So Close to Me».
Musikkvideo Musikkvideoen for songen nyttar tidleg dataanimasjon for å illustrere teksten. Videoen var ein av dei første som nytta dataanimerte menneske og vart rekna som banebrytande då han kom ut.
Opphavleg var ikkje Mark Knopfler så entusiastisk kring musikkvideokonseptet. MTV var pågåande og regissøren Steve Barron frå Rushes Postproduction i London vart kontakta av Warner Bros. for å overtyde Knopfler om å gå med på å lage ein video. Barron sa:
Barron flaug så til Budapest for å overtyde Knopfler om konseptet deira. Dei møttest etter ein konsert og Knopfler var framleis vanskeleg å få med, men denne gongen var kjærasten hans der:
Ian Pearson og Gavin Blair laga animasjonen ved hjelp av eit Bosch FGS-4000 CGI-system. og eit Quantel Paintbox-system. Animatørane grunnla sidan dataanimasjonsstudioet Mainframe Entertainment (i dag Rainmaker Entertainment). Videoen omfatta òg scenebiletet av Dire Straits som spelar, med delvis rotoscope-animasjon i lyse neonfargar, slik ein kan sjå på plateomslaget.
Videoen vart nominert til Årets video (blant mange andre) på den tredje årlege MTV Video Music Award i 1986.
Mottaking Magasinet Rolling Stone førte opp songen som den 94. beste gitarsongen gjennom tidene, og skreiv korleis Mark Knopfler «bytte ut den opphavlege, tradisjonelle tonen med ein tørr, overprosessesert lyd som han fekk ved å køyre ein Les Paul gjennom ein wah-wah-pedal på eit spor som vart ein av dei første hittane på MTV».. Rolling Stone. RealNetworks. Henta 24. januar 2011.
Kontrovers Teksten har støtt nokre lyttarar, særleg gjennom bruken av ordet «faggot», ei nedsetjande nemning for homsar.Money for Nothing, Songfacts.com I eit intervju seint i 1984 i Rolling Stone snakka Knopfler om kontroversen:
Dire Straits spelte ofte songen på konsertane sine, der det andre verset var med, men ofte endra noko.
I januar 2011 avgjorde Canadian Broadcast Standards Council (CBSC) at ein uredigert versjon av songen ikkje var akseptabel for kanadisk radio, sidan det braut Canadian Association of Broadcasters (CAB) sine retningslinjer for etikk og likeverd. CBSC konkluderte med at «som andre rasistiske ord i engelsk språk, er 'faggot' eit som kan ha vore heilt og marginalt akseptabelt tidlgeare, men som ikkje lenger er det». Etter mange klagar gjekk CBSC attende på forbodet og let det vere opp til kvar radiostasjon om dei skulle spele songen uredigert eller ikkje.
Parodiar «Weird Al» Yankovic skreiv ein parodi kalla «Money for Nothing/Beverly Hillbillies*» for filmen UHF frå 1989. Som tittelen indikerer vart teksten til songen ei blanding av kjenningsmelodien frå The Beverly Hillbillies («The Ballad of Jed Clampett») med melodien frå «Money For Nothing». Mark Knopfler og Guy Fletcher spelar gitar og klaverinstrument på innspelinga.
Reel Big Fish sitt album Monkeys For Nothin' And The Chimps For Free frå 2007 speler på teksten i songen.
Lister og salstrofé
Vekeslister Liste (1985)PlasseringAustralia (Kent Music Report)4Canada (CHUM). CHUM. Henta 22. oktober 2014.3Ireland (IRMA)6Polen (LP3) 2Spania (AFYVE) 25US Billboard Hot 100 1US Billboard Top Rock Tracks1US Cash Box. Cash Box magazine. Henta 22. oktober 2014.1
Årslister Liste (1985)PlasseringAustralia (Kent Music Report)7Canada (RPM Top 100 Singlar)34US Billboard Hot 1008US Cash Box. Cash Box magazine. Henta 22. oktober 2014.2
Salstrofé and sales
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Money for Nothing» frå , den 23. oktober 2014.
Bakgrunnsstoff Mix Online Classic Tracks: Dire Straits' «Money for Nothing" «Money for Nothing» ved MTV.com
Kategori:Singlar frå 1985 Kategori:Dire Straits-songar Kategori:New Wave-songar Kategori:Songar på toppen av Billboard-lista Kategori:Nummer-ein-singlar i Canada Money for Nothing Kategori:Musikkvideoar regisserte av Steve Barron Kategori:Songar produserte av Mark Knopfler Kategori:Songar skrivne av Mark Knopfler Kategori:Songar skrivne av Sting Kategori:Utvalde artiklar 2015