Melanie Jayne Chisholm (), betre kjent som Melanie C eller berre Mel C, er ein engelsk songar, låtskrivar, skodespelar, dansar, forretningskvinne, TV-personlegdom og treningsmodell. Ho er ein av dei fem medlemmane i bandet Spice Girls, der ho hadde kallenamnet «Sporty Spice».
Med Spice Girls har Chisholm selt over 100 millionar plater i heile verda. Som soloartist har ho selt over 20 millionar plater. Den første songen ho gav ut var ein duett med Bryan Adams, «When You're Gone». I 1999 gav ho ut det første studioalbumet sitt, Northern Star, som har vorte selt i 4 millionar eksemplar. Chisholm har gjeve ut fem andre album og har vorte nominert til både Brit Awards og musikkprisen ECHO. Ho er i dag den kvinnelege artisten med nest flest førsteplass-singlar i Storbritannia.
Personleg liv Chisholm har vore open om kampen sin med klinisk depresjon og spiseforstyrringar, som ho har opplevd fleire gonger i løpet av livet sitt. Den yngre halvbroren hennar, Paul O'Neill, er ein racerførar.
Chisholm var i eit forhold med eigedomsutviklaren Thomas Starr. Chisholm fødte ei dotter, Scarlett, den 22. februar 2009 på Portland Hospital i London.
Chisholm er òg ein tilhengar av Liverpool FC. Ho har 12 tatoveringar."Lucky Number 11", Perez Hilton hjemmeside.
Diskografi Northern Star (1999) Reason (2003) Beautiful Intentions (2005) This Time (2007) The Sea (2011) Stages (2012) Version of Me (2016) Melanie C (2020)
Sjå òg Spice Girls
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Melanie C» frå , den 28. oktober 2014.
Bakgrunnsstoff
Den offisielle nettsida til Melanie C Melanie C på Allmusic
Kategori:Engelske songarar Kategori:Engelske låtskrivarar Kategori:Engelske skodespelarar Kategori:Spice Girls