MS «Baronessa», i dag «Angel», er ein snøggbåt levert frå Holen mek. Verksted i Langevåg i august 1994 til Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap (HSD). Båten vart sett i Osruta (Stord-Kvinnherad-Tysnes-Os). Båten er systerskipet til MS «Baronen».
20. april 2004 kjørte båten tørrskott på land ved Ranavik i 25 knops fart. Kapteinen vart først dømd for ulukka, men seinare frikjend.
I mai 2005 vart båten seld til Sør-Korea og Sung Woo Ferry Co. i Masan, der han fekk namnet «Cosmos». Han skifta eigarar fleire gonger i Sør-Korea dei neste åra. I februar 2007 vart han seld til Korea Express Ferry Co. i Masan og i februar 2009 til Joyang Transportation Co., som gav han namnet «Angel». I 2011 er båten framleis i fart.
Kjelder Skipet.no
Kategori:Norske snøggbåtar Kategori:Båtar frå Møre og Romsdal Kategori:HSD-eigde fartøy Kategori:Tide-eigde fartøy Kategori:Skip frå 1994 Kategori:Skip bygde ved Holen mek. Verksted Kategori:1994 i Noreg