Iver Steen Thomle () var ein norsk jurist frå Froland. Han var son til Andreas Thomle, og bror til høgsterettsassessor August Thomle.
Thomle vart student 1829 og tok i 1833 juridisk embetseksamen ved universitetet i Christiania. Frå 1834 var kopist i justisdepartementet og samstundes fullmektig hos advokat Frederik Stang. Byråsjef i 1837 og ekspedisjonssjef i 1840 i justisdepartementet. Frå 1846 var han byfogd i Arendal og deretter amtmann i Nedenes amt frå 1849. I 1860 vart han assessor i Høgsterett, høgsterettsjustitiarius frå 1878 til 1886. Som høgsterettsjustitiarius tok han sete i riksretten 1883–84, der han var visepresident.
Thomle vart rekna som ein av Noregs fremste praktiske juristar. Han var i 1846 medlem av ein kongeleg kommisjon om kredittlovgjevinga, og formann av ein kommisjon som skulle kome med forslag om vilkår for å kunne føre eit fartøy på sjøen. Seinare leia han kommisjonen som i 1861 såg på konkurslovgjevinga og han var i 1872 medlem av kommisjonen om myntstellet.
Frå 1880 var han «direktør» (styreformann) i Den norske Creditbank.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Norske høgsterettsjustitiariusar Kategori:Folk frå Froland