Carl Frederik Motzfeldt () var ein embetsmann og stortingsmann frå Moss.

Far hans var generalmajor. Sjølv vart han student frå katedralskulen i Christiania i 1827 og cand.jur. i 1838. Han arbeidde i Revisjonsdepartementet frå 1834 som kopist, frå 1843 som fullmektig. Motzfeldt var sekretær i unionskomiteen av 1839 og i 1852 medlem av komiteen som arbeidde med spørsmålet om utviding av byen Christiania.

I 1854 vart Motzfeldt utnemnd til stiftamtmann i Tromsø og amtmann i Finmarken. Allereie tre år seinare fekk han tilsvarande embete for Trondheim og Søndre Trondhjems amt. Desse posisjonane beheldt han heilt opp til 1894.

Motzfeldt var 1857-58 stortingsmann for Tromsø, Hammerfest og Vadsø, samt for Trondhjem og Levanger 1868-76. I 1857 var han formann i konstitusjonskomiteen og i trykkekomiteen, samt medlem av komiteen om fengselslova. Året etter var han medlem av tollkomiteen. Frå 1868 til -76 var han medlem av Lagtinget. Desse stortingssesjonane var han med i bankkomiteen, frå 1871 til -76 var han formann i komiteen. Sesjonane 1875 og -76 var han formann i vegkomiteen.

Han døydde i Trondheim, 94 år gammal.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1857-1858 Kategori:Stortingsrepresentantar 1868-1870 Kategori:Stortingsrepresentantar 1871-1873 Kategori:Stortingsrepresentantar 1874-1876 Kategori:Folk frå Moss Kategori:Folk frå Trondheim