Kristine Rusten () var ei norsk kassadame og ein politikar frå Lom i Oppland, som var vald inn på Stortinget frå Oppland og Arbeidarpartiet frå 1977 til -85.

Rusten var dotter til ein snikkar i Lom. Sjølv arbeidde ho frå 1956 til 1977 i lange periodar som kassadame. Ho engasjerte seg politisk for Arbeidarpartiet og sat i formannskapet for Lom kommune bolken 1971-75. I 1977 vart ho vald inn på Stortinget for Oppland og Arbeidarpartiet, attvald i 1981. Dei fyrste fire åra på Stortinget var ho medlem av Kyrkje- og undervisningskomitéen, medan ho i tida 1981-85 var medlem av Landbrukskomitéen.

Kjelder Stortingsbiografi

Kategori:Stortingsrepresentantar 1977-1981 Kategori:Stortingsrepresentantar 1981-1985 Kategori:Folk frå Lom Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar for Oppland