mini|Nationaltheatret T-banestasjon i Oslo. Merk straumskjena på venstre side av toget. Skjena er verna med eit gult vernedeksel som er opent på undersida, der straumavtakarane på toget stryk langs straumskjena. thumb|Sporvekslarar og straumskjener ved overgangen frå tunnel til høgbane på metroen i København ved Islands Brygge. mini|T-banetog kan òg gå på hjul med gummidekk, slik dette toget på line 1 på metroen i Paris syner eit døme på. mini|T-banetog (subway train) i New York. Tunnelbane, forkorta T-bane, òg kalla undergrunn og metro, er ein jarnbane for persontransport i by, og som for det meste går i tunnel under byen og med stasjonane under jorda. I Noreg er det berre Oslo som har T-bane.

T-banane er vanlegvis kjenneteikna av dei er dobbeltspora og at toga får straumen gjennom ei straumskjene festa til svillene, ikkje ved leidning i lufta. Då det er fleire straumavtakarar på båe sider på kvart tog, kan straumskjenene ha avbrot der det er naudsynt, til dømes i pensar (sporveksel) og andre stader, og det kan vekslast mellom straumskjene på venstre og høgre side. Alle T-banelinene i Oslo har no straumskjene i staden for luftleidning. Tidlegare var luftleidning nytta på dei gamle linene mot vest.

Det er vanskeleg å trekke absolutte skilje mellom sporvogn, bybane, T-bane, forstadsbane og vanleg jarnbane. Til liks med mange T-banar, kan til dømes T-banen i Oslo sjåast som ei blanding av T-bane og vanleg lokaljarnbane: Banen går i tunnel på lange strekningar, men utanfor bykjernen likevel mest over jorda på eigen trasé, og sporvidda er den same som på jarnbanen. Men det er likevel ikkje mogleg å køyre vanlege persontog på T-banenettet i Oslo.

T-banelinene i Oslo er utan kryssingar med annan trafikk. Eit unnatak er den gamle, men moderniserte lina til Holmenkollen og vidare til Frognerseteren, som har nokre kryssingar i plan med bilvegar og gangvegar.

T-banar kan ha tog som vert styrte automatisk, utan førarar i toga. Eit døme på dette, er metroen i København.

Sjå òg London Underground - Europas fyrste, opna 10. januar 1863 Metro Budapest - nummer 2, opna 2. mai 1896 Glasgow Subway - nummer 3, opna 14. desember 1896 Paris Métropolitain - nummer 4, opna 19. juli 1900 Berlin U-bahn - opna 15. februar 1902 T-banen i Madrid - opna 1919 T-banen i Oslo - opna 1928 Københavns metro Helsingfors Tunnelbana - opna 1980 Metropolitana Torino - opna 2006