Polytminae er ein underfamilie av kolibriar, Trochilidae, etter inndelinga av kolibriar i i HBW and BirdLife International illustrated checklist of the birds of the world, band 1, 2014. Det er gjort framlegg om å bruke det uformelle namnet «mangoar» om gruppa.
Fylogeni
Ein molekylær fylogenetisk studie av kolibriane publisert i 2007 fann at kolibrifamilien bestod av ni klader. Då Edward Dickinson og James van Remsen Jr. oppdaterte Howard and Moore Complete Checklist of the Birds of the World for den 4. utgåva i 2013, delte dei kolibrifamilien inn i seks underfamiliar og foreslo å bruke namnet Polytminae for «mangoar». Underfamilien Polytminae vart første gongen introdusert av Ludwig Reichenbach i 1854.
Molekylær fylogenetiske studiar av Jimmy McGuire og medarbeidarar publiserte mellom 2007 og 2014 bestemde forholdet mellom hovudgruppene av kolibriar. I kladogrammet nedanfor er dei engelske namna som vart introduserte i 1997 omsett til norsk. Dei latinske namna er dei som vart foreslått av Dickinson og Remsen i 2013.
Kladogram for kolibrifamilien:
Artsliste Liste over biologiske slekter med artar i Polytminae («mangoar») i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V13.1, 2023, med norske artsnamn etter Norske navn på verdens fugler. Utval av slekter, samt IUCN raudlistekategori er etter HBW and BirdLife Taxonomic Checklist.
Kjelder
Artikkelen bygger på «Lesbiini» frå , den 18. april 2023
Referansar
Kategori:Kolibrifamilien