Ingemar Stenmark () er ein svensk tidlegare alpinist frå Joesjö ved Tärnaby som vann verdscupen i alpine greiner tre år på rad, 1976-78, og vart dobbelvinnar både under verdsmeisterskapen 1978 og vinterleikane 1980. I 1982 vart han verdsmeister i slalåm. Stenmark vann i alt fem gullmedaljar, ein sølv- og ein bronsemedalje i OL og VM i tida 1976-82. I verdscupen i alpine greiner er han den mestvinnande utøvaren sidan tevlingane kom i gang i 1967. I tida frå desember 1974 til februar 1989 vann han 86 renn i verdscupen, 46 i storslalåm og 40 i slalåm.

Merittar Vinnar av Verdscupen i alpine greiner: 1976, 1977, 1978 Vinter-OL 1976 i Innsbruck: Bronse i storslalåm VM i alpine greiner 1978 i Garmisch-Partenkirchen: Gull i slalåm og storslalåm Vinter-OL 1980 i Lake Placid: Gull i slalåm og storslalåm VM i alpine greiner 1982 i Schladming: Gull i slalåm og sølv i storslalåm

Han vart tildelt Holmenkollmedaljen i 1979.

Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar

Kategori:Svenske alpinistar Kategori:Verdsmeistrar i alpine greiner Kategori:Olympiske meistrar for Sverige Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Sverige Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1976 Kategori:Svenske deltakarar under vinter-OL 1976 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1976 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1980 Kategori:Svenske deltakarar under vinter-OL 1980 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1984 Kategori:Svenske deltakarar under vinter-OL 1988 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1988 Kategori:Vinnarar av Holmenkollmedaljen