Anton Engelbert Sailer (), kjend som Toni Sailer, var ein austerriksk alpinist frå Kitzbühel.
Sailer var den fyrste alpinisten som vann alle dei tre alpinøvingane, slalåm, storslalåm og utfor, i eitt og same OL. Dette presterte han under OL 1956 i Cortina d'Ampezzo. Ettersom han sigra i både slalåm og utfor vart han også automatisk verdsmeister i kombinasjonen. To år seinare var han nær ved å kopiere prestasjonane under VM i alpine greiner 1958 i Bad Gastein, der han vann tre gullmedaljar og ein sølvmedalje. Sølvmedaljen kom i slalåm, landsmannen Josl Rieder sigra med sju tidels sekund betre tid enn Sailer.
Sailer la opp som alpinist i 1959. Han arbeidde sidan som filmskodespelar og i 1972-76 som sjefstrenar for det austerrikske skiforbundet. Frå 1986 til 2006 var han tilsett i Hahnenkamm-renna i heimbyen Kitzbühel.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Toni Sailer» frå , den 16. november 2014.
Kategori:Austerrikske alpinistar Kategori:Verdsmeistrar i alpine greiner Kategori:Olympiske meistrar for Austerrike Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1956 Kategori:Austerrikske deltakarar under vinter-OL 1956 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1956 Kategori:Austerrikske skodespelarar