Rosemarie Mittermaier, kjend som Rosi Mittermaier () var ein tysk alpinist frå Reit im Winkl i Bayern som vann Verdscupen i alpine greiner 1976. Under vinterleikane i Innsbruck i 1976 vann ho to OL-gull, eitt VM-gull og eitt OL-sølv.

Mittermaier debuterte i verdscupen i alpine greiner allereie i 1967, den sesongen turneringa kom i gang. Ho fekk sitt gjennombrot då ho i Schruns i Austerrike vann sin fyrste siger i eit verdscuprenn, i yndlingsgreina slalåm. Fram til mars 1976 vann ho til saman 10 renn i verdscupen, fire renn i den siste sesongen, då ho vann verdscupen samanlagt klart med 281 poeng, mot andreplasserte, sveitsiske Lise-Marie Morerod sine 214 poeng.

Mittermaier var i sitt livs form då ho under Vinter-OL 1976 i Innsbruck vart olympisk meister i slalåm og utfor, det siste ei stor overrasking. Ho var ikkje langt unna å vinne storslalåm, der ho måtta sjå Kathy Kreiner frå Canada framom seg på resultalista. Med sine plasseringar i enkeltrenna, vann ho eit suverent VM-gull i kombinasjonen.

Ho vann 14 tyske meisterskap.

Sidan 1980 er ho gift med alpinisten Christian Neureuther. Dei er foreldra til alpinisten Felix Neureuther.

Kjelder

Sportsboken, aktuelle årgangar Denne artikkelen bygger på «Rosi Mittermaier» frå , den 20. november 2014.

Kategori:Tyske alpinistar Kategori:Olympiske meistrar for Vest-Tyskland Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Vest-Tyskland Kategori:Verdsmeistrar i alpine greiner Kategori:Vesttyske deltakarar under vinter-OL 1968 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1968 Kategori:Vesttyske deltakarar under vinter-OL 1972 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1972 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1976 Kategori:Vesttyske deltakarar under vinter-OL 1976 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1976