Christl Haas () var ein austerriksk alpinist frå Kitzbühel som vart verdsmeister i utfor i 1962 og olympisk meister i same øvinga i 1964.

Haas var heilt suveren då ho under VM i alpine greiner 1962 i Chamonix tok gullmedaljen i utfor-tevlinga, over tre sekundar framom sølvmedaljør Pia Riva frå Italia. To år seinare vann Haas den olympiske gullmedaljen i same øvinga under Vinter-OL i Innsbruck, der ho også vart nummer fire i storslalåm og kom på sjetteplass i slalåm. Til saman gav desse plasseringane henne VM-sølv i kombinasjonen, ei grein som baserte seg på resultata i OL-øvingane. Einast Marielle Goitschel frå Frankrike var betre enn Haas av dei kvinnelege alpinistane under Innsbruck-leikane i 1964.

Under VM i alpine greiner 1966 i Portillo i Chile vart ho nummer fem i utfor-tevlinga. I 1968 fekk Haas si tredje utformedalje då ho i Vinter-OL 1968 i Grenoble fekk ein bronse, slått av landskvinna Olga Pall og franske Isabelle Mir.

I tida 1961-68 vart Haas austerriksk meister åtte gonger: 3 gongar i utfor, 1 i slalåm, 1 i storslalåm og 3 i kombinasjonen.

På ein ferietur til Manavgat i Tyrkia drukna Christl Haas under bading i Middelhavet.

Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar Denne artikkelen bygger på «Christl Haas» frå , den 22. november 2014.

Kategori:Austerrikske alpinistar Kategori:Olympiske meistrar for Austerrike Kategori:Verdsmeistrar i alpine greiner Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Austerrike Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1964 Kategori:Austerrikske deltakarar under vinter-OL 1964 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1964 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1968 Kategori:Austerrikske deltakarar under vinter-OL 1968 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1968 Kategori:Døde av drukning