François Bonlieu () var ein fransk alpinist frå Juvincourt-et-Damary i Picardie som vart olympisk meister i storslalåm under vinterleikane 1964 i Innsbruck.

Aktiv Allereie knapt 17 år gammal sette Bonlieu sitt preg på VM i alpine greiner 1954 i Åre. I storslalåmrennet vart han berre slått av norske Stein Eriksen og fekk VM-sølv, elles vart han nummer seks i slalåmtevlinga. Han vart så nummer ni i storslalåm under Vinter-OL 1956 i Cortina d'Ampezzo.

Bonlieu kom på delt tredjeplass i storslalåm ved VM i alpine greiner 1958 i Bad Gastein, og vart tildelt ein bronsemedalje. To år seinare enda han på 11. plass i yndlingsøvinga under dei olympiske leikane i Squaw Valley i 1960.

Høgdepunktet for Bonlieu kom under Vinter-OL 1964 i Innsbruck. Arrangørlandet sin Karl Schranz var største favoritten i storslalåm-tevlinga og imponerte stort med 1.47,00. Likevel vart han slått av Bonlieu med 29 hundredels sekund. Dermed stod franskmannen att med den olympiske gullmedaljen.

Sesongane 1958 og 1959 vann Bonlieu fire franske meistertitlar, to i storslalåm og ein i både slalåm og kombinasjonen.

Bonlieu vart drepen under ein krangel i Cannes, 36 år gammal.

Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar Denne artikkelen bygger på «François Bonlieu» frå , den 25. november 2014.

Kategori:Franske alpinistar Kategori:Verdsmeistrar i alpine greiner Kategori:Olympiske meistrar for Frankrike Kategori:Franske deltakarar under vinter-OL 1956 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1956 Kategori:Franske deltakarar under vinter-OL 1960 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1960 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1964 Kategori:Franske deltakarar under vinter-OL 1964 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1964