mini|Illustrasjon frå Hamburgbibelen Hamburgbibelen (dansk ) er ein handskriven praktbibel i tre band som tilhøyrer Det Kongelige Bibliotek i København. Han inneheld ein serie bilete som beskriv framstillinga av ei handskriven bok anno 1255. Biletserien er teikna inn i initialane; dei store byrjingsbokstavane.
Verket vart framstilt til domkyrkja i Hamburg i 1255. Dei tre banda inneheld 700 blad av pergament, kvart av blada er ein halv meter høgt, og samla har verket ei vekt på 40 kilo. Hamburgbibelen vart kjøpt av Det Kongelige Bibliotek på ein auksjon i 1784.
Hamburgbibelen vart ein del av UNESCO sitt verdsminneprogram frå Danmark i 2011.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Handskrifter frå 1200-talet Kategori:Tyske bøker Kategori:Dansk kultur Kategori:Verdsminne Kategori:Bibelmanuskript