Bu'eine Nujeidat er ein arabisk lokal kommune i Nord distrikt i Israel. Han består av to landsbyar, Bu'eine og Nujeidat, som vart slått saman i 1987 og fekk status som lokal kommune i 1996. I følgje Israelsk statistisk sentralbyrå (CBS) er folketalet 7 900 innbyggjarar (2006) der dei fleste er muslimar.
Bu'eine var ein palestinsk-arabisk landsby, og namnet kjem frå den nærliggande eldgamle landsbyen Beit Anat. Nujeidat var òg ein palestinsk-arabisk landsby, grunnlagd av soldatar frå Nejd som kom for å kjempe med armeen til Saladin på 1100-talet. Dei var kjend som Arab al-Nujeidat eller «arabarane frå Nejd», og gav namn til landsbyen.
Bu'eine vart erobra av det israelske forsvaret under den andre delen av Operasjon Dekel, 15-18. juli 1948.Morris, Benny (1987) The birth of the Palestinian refugee problem, 1947-1949. Cambridge University Press. ISBN 0-521-33028-9. s.200. Han vart verande i unntakstilstand fram til 1966.
Sjå òg Arabiske stader i Israel
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Bu'eine Nujeidat» frå , den 6. desember 2014. oppgav desse kjeldene: s.62
Kategori:Kommunar i Israel Kategori:Arabiske stader i Israel Kategori:1987 i Israel Kategori:Lokale kommunar i Nord-distriktet i Israel