mini|Nasebeinet er vist øvst til venstre og er merka i raudt Nasebeina (latin os nasale) er to avlange knoklar av varierande storleik og form, som ligg side om side i den øvre midtdelen av andletet. Begge knoklane har to overflater og fire grenser.
Struktur Overflater Den ytre overflata er konkavokonveks frå toppen til botnen og konveks frå side til side; den er dekt av procerus-muskelen og den transversale delen av musculus nasalis, og er perforert i midten av ein foramen, der ei lita vene passerer.
Den indre overflata er konkav frå side til side, og er kryssa frå topp til botn av eit spor for passasjen av ei grein av nervus nasociliaris.
Artikulasjonar Nasebeinet artikulerer med fire bein. To av dei ligg i hjerneskallen: pannebeinet og silbeinet; dei siste to ligg i andletsskjelettet: det motsette nasebeinet og overkjeven.
Fleire bilete
Sjå òg nase nasebløding
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Nasal bone» frå , den 6. desember 2014.
Kategori:Knoklar i hovud og hals