Dagmar Rom () var ein austerriksk skirennar frå Innsbruck som vann gullmedaljane i både slalåm og storslalåm under alpin-VM 1950 i USA.

Karriere Rom vart austerriksk meister i utfor i 1947. Ho vart utteken til Vinter-OL 1948, men vart stygt skadd under trening og kunne ikkje delta.

I 1950 vart Dagmar Rom dobbelt verdsmeister under VM i alpine greiner i Aspen i delstaten Colorado. Både då ho vann slalåm og storslalåm hadde ho sterkast konkurranse frå ei landskvinne. I slalåm slo ho Erika Mahringer med eitt tidels sekund, dei to var i ein klasse for seg, medan ho i storslalåm hadde ein sigersmargin til Trude Jochum-Beiser på to tidels sekund. Rom vart for 1950 vald til årets kvinnelege idrettsutøvar i Austerrike.

Under Vinter-OL 1952 i Oslo tok Rom sølvmedaljen i storslalåm, bakom Andrea Mead Lawrence frå USA. I det olympiske utforrennet vart ho nummer fem. Same sesongen vart ho austerriksk meister i både slalåm og storslalåm.

Etter giftarmål og barnefødsel kom Rom tilbake i alpinløypa i 1955-sesongen, men nådde ikkje heilt opp og avslutta skikarrieren. På 1950-talet hadde Rom ei hovudrolle i ein spelefilm, og i 1963 i ein fjernsynsserie saman med sonen sin.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Dagmar Rom» frå , den 7. desember 2014.

Bakgrunnstoff Dagmar Rom i fis-ski.com Dagmar Rom i olympedia.org

Kategori:Austerrikske alpinistar Kategori:Verdsmeistrar i alpine greiner Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Austerrike Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1952 Kategori:Austerrikske deltakarar under vinter-OL 1952 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1952