mini|Maiduguri i Nigeria Maiduguri er ein by som ligg nordaust i Nigeria, rundt 11 mil sørvest for Tsjadsjøen. Han er delstatshovudstad for Borno og har rundt 1,1 millionar innbyggjarar (2004).

Maiduguri blei grunnlagd av britane kring 1907. Det moderne Maiduguri omfattar også Yerwa, som blei grunnlagd i same tidsrommet som hovudstad for kanurifolket. Byen har lenge vore eit viktig handelssentrum og vegknutpunkt. Statusen som kommersielt sentrum blei styrkt då jernbanen kom i 1964.Maiduguri, Encyclopædia Britannica, lese 2010-05-13 Byen er no ein av dei største i Nord-Nigeria. Han er sluttpunkt for jernbanelinjer frå Lagos og Port Harcourt. Han har også ein flyplass, Maiduguri International Airport. Maiduguri er sete for eit universitet grunnlagd i 1975 og ein teknisk høgskule.

Dei fleste innbyggjarane i byen er kanuritalande muslimar, men det finst også fleire minoritetsgrupper, mellom anna kristne. Byen har fleire gonger opplevd valdsame samanstøyt med etnisk eller religiøs bakgrunn, mellom anna i 1982, 2001, i samband med Muhammed-karikaturane i Jyllands-Posten i 2005, og i 2009.

Maiduguri er opphavsstaden for terroristgruppa Boko Haram, og har seinare vore åstad for terorriståtak og kampar om byen. Boko Haram gjekk til åtak på ein militær- og ein flybase i nærleiken i desember 2013, og prøvde å ta kontroll over byen. 10. januar 2015 drap eit bombeåtak under mandagsmarknaden her 19 menneske. Natt til 25. januar same år byrja fleire hundre Boko Haram-soldatar eit større militæråtak på byen, men blei raskt drivne ut. 7. mars 2015 drap fem ulike sjølvmordsbomber over 50 menneske og såra over 140. 11. august drap eit nytt åtak på marknaden rundt 50 menneske.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Maiduguri» frå , den 9. desember 2014.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Nigeria Kategori:Byar i Borno