thumb|Allosaurus fragilis er kjent for å vere den dinosauren med flest trøyttleiksbrot ifølgje ein studie frå 2001 Trøyttleiksbrot, utmattingsbrot eller stressfraktur er eit trøyttleiksindusert knokkelbrot som skuldast residiverande stress over lengre tid. I staden for å bryte etter eit kraftig støyt, oppstår trøyttleiksbrota etter oppsamla trauma frå gjentekne submaksimale påkjenningar, som til dømes springing og hopping. Som følgje av dette er trøyttleiksfrakturar vanlege belastningskadar hjå atletar.

Trøyttleiksbrot kan skildrast som ørsmå sprekker eller «årringar» i knokkelen. Dei oppstår oftast i vektberande knoklar, som til dømes skinnebeinet, mellomfoten og båtbeina. Trøyttleiksbrot i lårbeinet, bekkenet og korsbeinet kan førekoma, men er sjeldan.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Stress fracture» frå , den 14. desember 2014.

Kategori:Knokkelbrot Kategori:Traumatologi Kategori:Sjukdommar i skjelettsystemet