Oleksandr Valentynovytsj Turtsjynov () er ein ukrainsk politikar som i 2014 var president i Den ukrainske nasjonalforsamlinga. Han fungerte som president og statsleiar for Ukraina i tida 23. februar til 7. juli 2014.

Politisk karriere I 1994 stifta Turtsjynov partiet Hromada saman med Pavlo Lazarenko, og i 1998 blei han vald inn i parlamentet. Den politiske karrieren hans har vore tett bunde til Julija Tymosjenko sitt politiske virke.

Turtsjynov var fungerande statsminister under Julija Tymosjenko frå 2007 til 2010. Etter at Julija Tymosjenko måtte gå av som statsminister 3. mars 2010 blei Turtsjynov utpeikt til konstituert statsminister. Han sat i stillinga til 11. mars samme år, då Mykola Azarov ble valgt til ny statsminister.

22. februar 2014 valde Den ukrainske nasjonalforsamlinga Turtsjynov til sin president. Frå dagen etter var han fungerande president for landet, ettersom Viktor Janukovytsj vart avsett og rømde landet. Petro Porosjenko vart ny president i Ukraina om sommaren.

Privatliv Oleksandr Turtsjynov er baptist og pastor i baptistmeinigheiten i Kiev. Han er dessutan forfattar av fleire kriminalromaner.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Oleksandr Turtsjynov» frå , den 23. desember 2014.

Bakgrunnsstoff Kategori:Ukrainske presidentar Kategori:Ukrainske statsministrar Kategori:Folk frå Dnipropetrovsk