Christian Mayer () er ein austerriksk tidlegare alpin skirennar frå Finkenstein i Kärnten som vann ein OL-bronse både i 1994 og 1998, samt VM-bronse i 1997. I 1994 vann han FIS-pokalen, verdscupen, i storslalåm.
Aktiv Mayer meisterskaps-debuterte med ein tiandeplass i storslalåm under Vinter-OL 1992 i Albertville. To år seinare, under OL 1994 på Lillehammer, tok han bronsemedaljen i storslalåm, i 1996 vart han nummer seks i same greina under VM i alpine greiner 1996 i Sierra Nevada.
Ved verdsmeisterskapen 1997 i Sestriere måtte Mayer nøye seg med ein tiandeplass i super-G. Han lukkast klart betre under vinterleikane 1998 i Nagano, der han tok bronsen i kombinasjonen og vart nummer fem i slalåmrennet. Også frå VM i alpine greiner 1999 i Vail i Colorado kom han heim med ein bronsemedalje, den gongen i slalåm. I seinare internasjonale meisterskap fekk han ikkje delta stort, ein 14. plass i storslalåm i VM 2003 i St. Anton var det han oppnådde.
Frå desember 1993 til mars 2000 vann Mayer sju renn i verdscupen i alpine greiner, seks i spesialgreina storslalåm og eitt i super-G. I 1994, hans beste sesong, vann han storslalåm-greina av verdscupen i alpine greiner.
Mayer la opp som aktiv alpinist i 2006.
Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar Denne artikkelen bygger på «Christian Mayer» frå , den 29. desember 2014.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Austerrikske alpinistar Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Austerrike Kategori:Austerrikske deltakarar under vinter-OL 1992 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1992 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1994 Kategori:Austerrikske deltakarar under vinter-OL 1994 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1994 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1998 Kategori:Austerrikske deltakarar under vinter-OL 1998 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1998