__NOTOC__ Streptopelia er ei biologisk slekt av fuglar i duefamilien. mini|venstre|Tyrkardue, Streptopelia decaocto. Ho har utvida den opphavlege utbreiinga frå varmare tempererte område i søraustlege Europa til Japan, og har kolonisert resten av Europa. Ho nådde så langt vest som Storbritannia i 1960, og Irland snart etter. Ho er ein introdusert art i USA, og innan 1999 var ho rapportert i 22 USA-statar og spreier seg framleis raskt mini|venstre|Perlekragedue, Streptopelia chinensis er ein rikt utbreidd hekkefugl i tropiske, sørlege Asia, og er dessutan introdusert til USA, Hawaii, nordlege Indonesia, Australia og New Zealand mini|høgre|Turteldue, Streptopelia turtur. Nett som mongolturtelduer har turtelduene vanlegvis skjelforma mønster på hals og venger Desse er i hovudsak slanke, små til mellomstore duer. Oversida er ofte bleik brun, og undersida er ofte med ein nyanse av rosa. Mange har ein karakteristisk svart-kvit flekk på halsen, og ensformige kurrande læte.

Kjerneområdet for denne slekta er Afrika, men fleire artar finst i tropiske, sørlege Asia. Som gruppe er denne slekta svært vellukka; mange artar har store populasjonar i ei rekkje habitat i tropane, to artar har no ein mykje meir omfattande distribusjon.

Artslista Streptopelia i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018 med norske namn etter Norske navn på verdens fugler: Turteldue, Streptopelia turtur, European Turtle-Dove, Linné, 1758, (VU) Rustvengdue, Streptopelia lugens, Dusky Turtle-Dove, Rüppell, 1837, (LC) Rosenbukdue, Streptopelia hypopyrrha, Adamawa Turtle-Dove, Reichenow, 1910, (LC) Mongolturteldue, Streptopelia orientalis, Oriental Turtle-Dove, Latham, 1790, (LC) Jomfrudue, Streptopelia bitorquata, Island Collared-Dove, Temminck, 1809, (LC) Filippinardue, Streptopelia dusumieri, Philippine Collared-Dove, Temminck, 1823, (VU) Tyrkardue, Streptopelia decaocto, Eurasian Collared-Dove, Frivaldszky, 1838, (LC) Saheldue, Streptopelia roseogrisea, African Collared-Dove, Sundevall, 1857, (LC) Elvedue, Streptopelia reichenowi, White-winged Collared-Dove, Erlanger, 1901, (NT) Klagedue, Streptopelia decipiens, Mourning Collared-Dove, Hartlaub & Finsch, 1870, (LC) Raudaugedue, Streptopelia semitorquata, Red-eyed Dove, Rüppell, 1837, (LC) Savannedue, Streptopelia capicola, Ring-necked Dove, Sundevall, 1857, (LC) Vindue, Streptopelia vinacea, Vinaceous Dove, Gmelin, 1789, (LC) Gråhovuddue, Streptopelia tranquebarica, Red Collared-Dove, Hermann, 1804, (LC) Umbradue, Streptopelia picturata, Madagascar Turtle-Dove, Temminck, 1813, (LC) Perlekragedue, Streptopelia chinensis, Spotted Dove, Scopoli, 1786, (LC) Palmedue, Streptopelia senegalensis, Laughing Dove, L, 1766, (LC)

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Streptopelia» frå , den 1. januar 2015.

Referansar

Bakgrunnsstoff

kategori:duefamilien Kategori:Fugleslekter