Jan Eggum () er ein norsk musikar og låtskrivar frå Bergen som debuterte på plate i 1975. Han er særleg kjend for sine melankolske songar, med tema som kjærleikssorg, tungsinn og einsemd. Men han tek også ofte opp samfunnskritiske og meir trivielle og humoristiske spørsmaål og saker i songane sine.

Eggum fekk i 1975 platekontrakt med den norske avdelinga av det multinasjonale plateselskapet CBS, der han hausten same året spelte inn debutplata «Jan Eggum». Gjennombruddet kom etter hans tredje utgjeving, albumet «Heksedans» i 1977. For dette fekk han «Bransjeprisen» som opphavsmann under Spellemannprisen 1977. På albumet finn ein den klassiske «Mor, jeg vil tilbake».

Etter dette har Eggum vore ein av dei mest kjende musikkartistane i Noreg, både som soloartist og som medlem av Gitarkameratene. Flere av albuma hans har selt til gullplate. Han har vunne seks spelemannprisar, sist heidersprisen under Spellemannprisen 2011.

Eggum bur i Oslo.

Prisar og utmerkingar «Bransjeprisen» som opphavsmann under Spellemannprisen 1977 Spellemannprisen 1979 i klassa visesang for albumet En sang fra vest Gammleng-prisen 1989 i klassa vise Prøysenprisen 1997 Edvard-prisen 1998 i klassa populærmusikk – mindre verk for sangen «På'an igjen» Spellemannprisen 1999 i klassa viser og viserock for albumet Deilig Årets spellemann under Spellemannprisen 1990 som medlem av Gitarkameratene Spellemannprisen 1990 i klassa visesang for albumet Typisk norsk som medlem av Gitarkameratene Bjellesauprisen 2002 Tekstforfatterfondets ærespris 2005 Norsk Artistforbunds Ærespris 2005 Spellemannprisen 2011 – hederspris Gammleng-prisen – veteranprisen i 2011

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Jan Eggum» frå , den 5. januar 2015.

Kategori:Norske musikarar Kategori:Norske songarar Kategori:Vinnarar av Spellemannprisen Kategori:Musikarar frå Bergen Kategori:Vinnarar av Prøysenprisen