Immunologiske sjukdommar eller immunsjukdommar skuldast dysfunksjonar i immunsystemet. Sjukdommane kan vere kjenneteikna på fleire måtar:

av komponentane som er påverka i immunsystemet av om immunsystemet er overaktivt eller underaktivt av om tilstanden er medfødd (kongenital) eller erverva

Ifølgje International Union of Immunological Societies, så finst det meir enn 150 primære immunsviktsjukdommar (PID). Det finst likevel langt fleire såkalla sekundære («erverva») immunsviktsjukdommar.

Det har vore framlegg om at dei fleste menneske har minst éin primær immunsviktsjukdom. På grunn av overflod i immunsystemet så vert desse sjeldan oppdaga.

Liste over autoimmune sjukdommar

Dette er ei ufullstendig liste: systemisk lupus erytematosus sklerodermi visse former av hemolytisk anemi vaskulitt diabetes mellitus type 1 Graves' sjukdom revmatoid artritt multippel sklerose (sjølv om den truleg er immunmediert) Goodpastures syndrom pernisiøs anemi visse former av myopati borreliose («Lymes sjukdom»)

Immunsviktsjukdommar

Primære immunsviktsjukdommar er dei som skuldast nedarva, genetiske mutasjonar. Sekundære immunsviktsjukdommar («erverva») skuldast faktorar utanfor kroppen, som til dømes virus eller immunsuppresive lækjemiddel.

Primære immunsviktsjukdommar har auka susceptibilitet til residiverande øyreinfeksjonar, lungebetennelse, bronkitt, sinusitt og hudinfeksjonar. Pasientar med immunsvikt plar å utvikle færre abscessar i dei indre organa, samt færre autoimmune, revmatologiske og gastrointestinale problem.

Primære immunsviktsjukdommar alvorleg kombinert immunsvikt (SCID) DiGeorges syndrom hyper-IgE-syndrom («Jobs syndrom» eller «hyperimmunoglobulin-E-syndrom») vanleg variabel immunsvikt (CVID): B-cellenivåa er normale i kretsløpet, men det har vore nedsatt produksjon av IgG gjennom åra, så det er den einaste primære immunsviktsjukdommen som oppstår i dei seine tenåra. kronisk granulomatøs sjukdom (CGD): defisiens (mangel) i enzymet NADPH-oksidase, som fører til svikt ved danninga av oksygenradikalar. Klassisk residiverande infeksjon som følgje av katalase-positive bakteriar og sopp. Wiskott-Aldrichs syndrom (WAS) autoimmunt lymfoproliferativt syndrom (ALPS) hyper-IgM syndrom: X-bunden liding som fører til defisiens i produksjonen av CD40-ligand på aktiverte T-celler. Dette aukar produksjonen og utsleppet av IgM i kretsløpet. Tala på B-celler og T-celler er normale. Auka susceptibilitet til ekstracellulære bakteriar og opportunistiske infeksjonar. leukocytt adhesjonsvikt (LAD) mutasjonar i NF-κB essensiell modulator (NEMO) Selektiv IgA-mangel: den vanlegaste defekten i humoral immunitet, og er kjenneteikna av mangel på IgA. Dannar residiverande sinopulmonale og gastrointestinale infeksjonar. x-bunden agammaglobulinemi (XLP) ataxia telangiectasia

Sekundære immunsviktsjukdommar Aids

Allergiar

Allergiar er abnorme immunresponsar mot harmlause antigen. sesongallergi mastocytose perennial allergi (fleirårig) anafylaksi matallergi allergisk rhinittMerck Manuals: Immune disorders. Henta 12. januar 2015 atopisk eksem

Sjå òg splenomegali

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Immune disorder» frå , den 12. januar 2015.

Bakgrunnsstoff Revmatologiske og immunologiske sjukdommar — Helsebiblioteket.no

Kategori:Immunologiske sjukdommar