Haldor Monsson Hamarsvik () var ein norsk fiskar, bonde og diktar frå Selje kommune i Nordfjord i Sogn og Fjordane.
Boka Sjelens sjungende Harpe, ei samling av salmar og religiøse tekstar Monsson Hamarsvik dikta, vart utgjeven posthumt i 1835 av vennen og omgangsskulelærar Peder Pederson Hamarsvik (1793-1849).Djupedal 2009, side 263 Utgjevinga innheld 19 songar og er på 61 sider, og i ei innleiing Haldor Monsson Hamarsvik skreiv med tanke på publisering seier han mellom anna at tekstane er meint å «forlyste»Djupedal 2009, side 267 allmugen.
Enkelte stadar i Selje og nabobygdene vart tekstar i boka nytta i husandakta, og det er kjent at utgjevinga til Haldor Monsson Hamarsvik var godt utbreitt i dette området.Sudmann, Norsk allkunnebok 1953, side 743
Tema i songane, skreiv Haldor Monsson Hamarsvik, er «Om Syndens Bekjendelse», «At foragte det Jordiske og tragte efter det Himmelske», «Om Verdens Forfængelighed og Ubestandhighed» og liknande religiøse emne. Tekstane vart tonesett med melodiar godt etablerte frå før i den norske salmeheimen.
«At foragte det jordiske», «Til løgnagtige Munde» og «En Julesang» er døme på tre songtitlar av Monsson Hamarsvik. Alle songane hadde mellom to til 18 strofer.Djupedal 2009, side 267-269
Haldor Monsson Hamarsvik omkom på sjøen under fiske på fjorden utafor Skårbø i Selje.
Bibliografi
Kjelder
Kjelder
Om Haldor Monsson Hamarsvik i Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane
Kategori:Forfattarar frå Selje Kategori:Norske salmediktarar