Mark O'Connor () er ein USA-amerikansk klassisk, bluegrass-, jazz- og countryfiolinist, komponist og musikklærar. Musikken til O'Connor strekkjer seg breitt og er kritikarrost, og han har motteke mange prisar både som musikar og komponist. Som tenåring vann han ein nasjonal strykeinstrumentkonkurranse for den virtuose spelinga si på gitar og mandolin i tillegg til fela. Lærarane hans var mellom anna felespelaraen Benny Thomasson som lærte O'Connor å spele fele som tenåring, den franske jazzfiolinisten Stéphane Grappelli som O'Connor turnerte med som tenåring, og gitaristen Chet Atkins.
O'Connor er ein særs allsidig fiolinst og komponist som har hatt stor suksess innan både country, bluegrass, jazz, klassisk musikk og tverrmusikalske prosjekt.
Biografi Han byrja å vinne felekonkurransar som tenåring, og ønskte ein karriere innan musikk. Han studerte under populære fiolinistar som jazzfiolinsten Stéphane Grappelli og felespelaren Benny Thomasson frå Texas, og dette førte til at han fekk turnere med Grappelli, mellom anna ein konsert i Carnegie Hall, før han var 21 år gammal. Han flytta til Nashville i 1983, men det tok han to år før han vart lagt merke til, då the Nitty Gritty Dirt Band hyra han inn til å spele på hitsingelen deira «High Horse».
O'Connor vart brått ein ettertrakta studioartist, og deltok på over 450 album med artistar som Emmylou Harris, Linda Ronstadt, Dolly Parton, Clint Black, Jimmy Buffett og Randy Travis. Han vart eit medlem av gruppene Strength in Numbers, the Dixie Dregs, og the Dregs, og byrja å lage sine eigne album. Kring 1990 slutta han som studiomusikar og byrja å konsentrere seg om sin eigen musikk.[ Mark O'Connor] - på Allmusic
Musikken hans vart stadig meir sofistikert og nytta meir og meir element frå musikk annan enn country, bluegrass og folk, og retta seg meir inn mot klassiske formlar og harmoniar. Det første albumet hans på Sony Classical, Appalachia Waltz, med cellisten Yo-Yo Ma og den allsidige, jazz-orienterte bassisten Edgar Meyer, vart ein stor tverrmusikalsk hit som imponerte klassiske kritikarar med orginaliteten sin. Sidan den gong har O'Connor blitt ein sterkare komponist og fått auka respekt hos forskjellige publikum, i tillegg til eit par Grammy-prisar.
Solokonsertane og orkesterverka hans vert ofte framført av orkester i heile USA, medan verka for kammerorkester stadig får større publikum. Måte han spelar på, først publisert i 2009, har vorte ein av dei mest populære opplæringsseriane som finst for fiolin. O'Connor spelar med sine eigne ensemble, i tillegg til vener, både på scenen og på album, som i 2004 med albumet Crossing Bridges i lag med hans Appalachian Waltz Trio og Double Concerto med Nadja Salerno-Sonnenberg i 2005 og Hot Swing Trio Live in New York.
Komposisjonar
Fullt orkester
Queen Anne's Revenge - overtyre for symfoniorkester - 7 min Improvisert fiolinkonsert for fiolin og orkester - 40 min Olympic Harvest - overtyre for symfoniorkester - 6 min Americana Symphony «Variations on Appalachia Waltz» for symfoniorkester - 34 min Triple Concerto «March of the Gypsy Fiddler» for fiolin, cello, piano og orkester - 26 min Double Concerto «For the Heroes» for fiolin, cello and symfoniorkester - 35 min Concerto No. 6 «Old Brass» for fiolin og orkester - 35 min Double Fiolin Concerto for to fiolinar og symfoniorkester - 32 min Three Pieces for Orchestra for symfoniorkester: I. Call of the Mockingbird - 20 min II. Trail of Tears - 16 min III. Fanfare for the Volunteer - 20 min Johnny Appleseed Suite - 18 min The Fiddle Concerto for fiolin og orkester - 40 min
Strykeorkester
Elevations for strykeorkester - 25 min The Fallen for fløyte og strykeorkester - 20 min Harmony for fiolin and strykeorkester - 11 min American Seasons (Seasons of an American Life) for fiolin og orkester - 35 min Surrender The Sword for fiolin og strykeorkester - 10 min Song Of The Liberty Bell for fiolin and strykeorkester - 7 min
Strykekvartet
String Quartet No. 3 «Old-Time» - 25 min (2007) String Quartet No. 2 «Bluegrass» - 36 min (2005) String Quartet No. 1 (med kontrabass) - 30 min (1990; revidert i 2006 for to fiolinar, bratsj og cello)
Pianotrio
Piano Trio No. 2 «Strange Rims» - 25 min Åiano Trio No. 1 «Poets And Prophets» - 35 min Fiddle Sonata for pianotrio - 20 min Miniatures for pianotrio - 5 min
Stryketrio
In The Summertime - 7 min Musicopia - 7 min Blackberry Mull - 9 min Poem - 7 min Vistas - 10 min Caprice For Three - 4 min Butterfly’s Day Out - 5 min Misty Moonlight Waltz - 4 min Emily’s Reel - 5 min Old Country Fairy Tale - 9 min
Duo
Strings & Threads Suite for fiolin og gitar - 18 min When Bidden To The Wake Or Fair for fiolin og cello - 5 min Brave Wolfe for trompet og fiolin - 5 min F.C.'s Jig - for fiolin og cello - 4 min
Solo
Appalachia Waltz (fiolin/cello) - 7 min Caprices No.'s 1 - 6 - 24 min Strings & Threads Suite for fiolin - 17 min Bonaparte's Retreat Variations - 7 min
Jazz Ensemble
Anniversary, M&W Rag, Stephane and Django, Fiddler Going Home, Gypsy Fantastic, Funky Swing, In The Cluster Blues, Pickles On The Elbow, Swingin’ On The Ville, Sweet Suzanne, In Full Swing.
Forskjellige insstrumentalar (Fele/Bluegrass/Newgrass/Contemporary)
A Bowl of Bula, Across the Ohio Frontier, Beserkley, Bow Tie, Captain's Jig, Cat in the Bag, Changing the Guard, Come Ride With Me, Conversation with a Friend, Cool Winds, Cotton Pickin' Blues, Court Suite, Dance of the Ol' Swamp Rat, Disco Fiddle, Rampsody, Druid Fluid, Ease with the Breeze, Fair Dancer Reel, False Dawn, Fancy Stops and Goes, Flailing, Flight Home, Floating Bridge of Dreams, Fluid Drive, Folktunes, Follow the Scout, From Panama to El Pichincha, Future Man, Get Set, Go, Granny White Special, Hear the Sun Shadows Dance, Hot Tamale, Idle Rain, Improvisations Nos. 1, 2, 3, 4, Inns of Granny White, Inside the Stillness, Into the Walls of Mandoness, Irish Maiden, Johnny's Apple Pie, Light the Fire, Macedonia,. mars of the Pharaohs, Markology, Mark's Ark, Mark's Waltz, Midnight Interlude, My Celebration, Nashville Shuffle Boogie, New Lifetimes, October Impressions, Off to Sea Olympic Reel, On a June Day, One Winter's Night, Pacific Expectations, Pick it Apart, Pickin Parlor Rag, Pickin' in the Wind, Pilgrim's Waltz, Point of Crossing, Queen of the Cumberland, Rampology, Remember Ireland, River Out Back, Road to Appalachia, Rose Among Thorns, Sailor's Jig, Send Rainbows, Shine On, Slopes, Soft Gyrations, Stone from Which the Arch Was Made, Swept Away by Tides, Swing 11:11, Texas Dance Hall Blues, Thai Wat Sai, Thanks and Goodbyes, The Cricket Dance, The Dark Rain, The Emperor's Komponist, The Life and Times of Johnny Appleseed, The Robotic Muso, Three Angel Brides, Through the Lives, Outside the Landscape, Traveler's Ridge, Tubular Explosions, We're Surrounded, When We Talk.
Vokal
Folk Mass for kor - 40 min Let Us Move for kor - 15 min
Diskografi
Album År Album Listeplassering Plateselskap US Classical Crossover US Classical US Jazz US Country US Heat US Bluegrass US Indie 1974 National Junior Fiddling Champion Rounder 1976 Pickin' in the Wind 1978 Markology 1979 On the Rampage Soppin' the Gravy 1982 False Dawn 1982 Industry Standard (med Dixie Dregs) Arista 1985 Meanings Of Warner 1986 Stone from Which the Arch Was Made 1988 Elysian Forest 1989 The Championship Years CMF On the Mark Warner 1990 Retrospective Rounder 1991 The New Nashville Cats 44 14 Warner 1992 Johnny Appleseed Rabbit Ears 1993 Heroes 46 14 Warner The Night Before Christmas Rabbit Ears 1994 The Fiddle Concerto 6 Warner 1996 Appalachia Waltz (med Yo-Yo Ma og Edgar Meyer) Sony 1997 Liberty! 8 1998 Midnight on the Water 5 1999 Fanfare for the Volunteer 2000 Appalachian Journey (med Yo-Yo Ma og Edgar Meyer) 2001 The American Seasons Hot Swing! OMAC 2003 Thirty-Year Retrospective Hot Swing Trio: In Full Swing 4 Sony 2004 Crossing Bridges 19 OMAC 2005 Hot Swing Trio: Live in New York Double Fiolin Concerto 2006 Folk Mass 2007 The Essential Mark O'Connor Sony 2008 Americana Symphony OMAC 2009 String Quartets No. 2 & 3 2010 Jam Session 2011 An Appalachian Christmas 9 5 3 39 2012 American Classics OMAC
Singlar År Song Listeplassering Album US Country CAN Country 1991 «Restless»(med Vince Gill, Steve Wariner og Ricky Skaggs)2519The New Nashville Cats 1992 «Now It Belongs to You» (med Steve Wariner)7162 1994 «The Devil Comes Back to Georgia»(med Charlie Daniels, Travis Tritt, Marty Stuart og Johnny Cash)54— Heroes
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Mark O'Connor» frå , den 15. januar 2015. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad Tom Redmond - Working with Chet Atkins: eit intervju med Mark O'Connor
[ Mark O'Connor] - on Allmusic
Kategori:Komponistar frå 1900-talet Kategori:Komponistar frå 2000-talet Kategori:USA-amerikanske bluegrassfelespelarar Kategori:USA-amerikanske countrysongarar Kategori:USA-amerikanske countryfelespelarar Kategori:USA-amerikanske jazzfiolinistar Kategori:USA-amerikanske mandolinistar Kategori:Dixie Dregs-medlemmar Kategori:Grammy-vinnarar Kategori:Folk frå Seattle Kategori:Musikarar frå Washington