mini|Snaptun. mini|Snaptunsteinen. Snaptun er ein liten hamneby i Hedensted kommune i Østjylland, i Region Midtjylland. Folketalet var 482 i 2014. Frå Snaptun går det ferje til den 3,2 km² stor øya Hjarnø i innløpet til Horsens Fjord, og ferje til øya Endelave, ei 13,2 km² stor øy med store marine område i det sørlege Kattegat.
Snaptun er kjend for den såkalla Snaptunsteinen som vart funne i nærleiken i 1950 og vert tidfesta til åra kring år 1000. Dette er ein essestein (stein nytta i ei smie som vern for blåsebelgen). Det særeigne ved denne steinen er at eit portrett av guden Loke ser ut til å vere innrissa på han.
Kategori:Byar i Region Midtjylland Kategori:Hedensted kommune