The Ragpicker's Dream er det tredje soloalbumet av den britiske musikaren Mark Knopfler, gjeve ut den 30. september 2002 av Mercury Records internasjonalt, og av Warner Bros. Records i USA. Albumet fekk generelt god kritikk då det kom ut.

Komposisjon Albumet er ei samling av songar skriven frå synspunktet til ein fattig, men verdig omvandrande mann, som kjempar seg gjennom livet med stadige små gleder. Knopfler har gjeve albumet eit folkemusikkpreg, utan at han brukar den akustiske gitaren i for stor grad. Den første songen, «Why Aye Man», vart nytta som kjenningsmelodi for den tredje serien av Auf Wiedersehen, Pet som først gjekk på lufta i 2002. Albumet inneheld mange andre referansar til Nordaust-England, som landsbyen Tow Law på «Hill Farmer's Blues».

Plateomslag Plateomslaget syner eit svartkvittbilete av ein mann og ei kvinne som dansar på kjøkenet. Bilete vart teken av Elliott Erwitt og heiter «Spain, Valencia, 1952, Robert and Mary Frank». Biletet er òg nytta som omslaget på to romanar: The Marriage Artist av Andrew Winer (2010, Henry Holt & Company) og Ancient Light av John Banville (2012, Viking).

Mottaking

I meldinga si for AllMusic gav Hal Horowitz albumet tre av fem stjerner og kalla albumet «eit behageleg, fint og ofte inspirert album som med sin liketil sjarm er best etter fleire gjennomlyttingar». Horowitz skreiv vidare:

Horowitz erkjenner breidda og allsidigheita i musikken til Knopfler på albumet: atmosfæren på «Hill Farmer's Blues» og «Fare Thee Well Northumberland», den uakkompagnerte folk/bluesen på «Marbletown», den «svingande rytmen» på den skumle «You Don't Know You're Born», den halvraske «Coyote», den autentiske honky tonk-svingen på «Daddy's Gone to Knoxville», og den Roger Miller-aktige «Quality Shoe». Horowitz blinkar seg ut tittelsporet, som han skildrar som «ei hyllest til amerikansk roots-musikk som han alltid har beundra».

Innhald

Bonusplate (var berre tilgjengeleg i Storbritannia og Canada)

Medverkande Musikk Mark Knopfler – vokal, gitarar Richard Bennett – gitarar Jim Cox – piano, Hammondorgel Guy Fletcher – klaverinstrument, korvokal (8) Glenn Worf – bass Chad Cromwell – trommer Glen Duncan – fiolin (11) Paul Franklin – pedal steelgitar (3,5,10) Mike Henderson – munnspel (6) Jimmy Nail – korvokal (1) Tim Healy – korvokal (1)

Production Mark Knopfler – produsent Chuck Ainlay – produsent, lydteknikar, miksing John Saylor – lydteknikar Jon Bailey – lydteknikar Jake Jackson – lydteknikar Tony Cousins – mastering Stephen Walker – fotoregi Neil Kellerhouse – fotoregi, design Elliot Erwitt – fotografi (framside) Ken Sharp – fotografi North Bank Fred – fotografi (tog)

Lister og salstrofé Album Liste (2002)PlasseringAustralia45Austerrike9Belgia4Canada18Tsjekkia66Danmark7Nederland2Finland7Frankrike4Tyskland4Ungarn41Island5Italia5New Zealand8Noreg1Polen14Portugal8Slovenia 12Spania2Sverige5Sveits5UK Album Chart7US Billboard 20038

Salstrofé OrganisasjonNivåDatoBPI – UKSølv11. oktober 2002IFPI – SveitsGull2002SNEP – FrankrikeGull11. juni 2003

Singlar Why Aye Man

«Why Aye Man» var den første singelen frå albumet, gjeven ut i september 2002 av Mercury Records i fire CD-versjonar: promosingelen med to versjonar av spor 1, som var ein 3:56 lang radioversjon (Mercury WHYCJ1), ein singel med spor 1 og 2 (Mercury 0639072), ei singel med por 1–3 (Mercury 063913-2), og ein Maxi-singelversjon med spor 1–4 (Mercury 0639082).

Why Aye Man vart nytta som kjenningsmelodi for den tredje sesongen av Auf Wiedersehen, Pet i 2002, og teksten er basert på det same grunnlaget som den opphavlege serien var basert på - ein Geordie-handelsmann under Thatcher-pra, som reiste utanlands for å få seg arbeid i Tyskland.

Innhald

Kjelder Denne artikkelen bygger på «The Ragpicker's Dream» frå , den 20. januar 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff The Ragpicker's Dream på den offisielle heimesida til Mark Knopfler

Kategori:Musikkalbum frå 2002 Kategori:Mark Knopfler-album Kategori:Album produserte av Mark Knopfler Kategori:Album produserte av Chuck Ainlay