Melodi Grand Prix 2015 var den 53. utgåva av Melodi Grand Prix, Noregs nasjonale uttaking til Eurovision Song Contest. Elleve songar deltok i finalen 14. mars 2015 i Oslo Spektrum i Oslo. Vinnaren blei «A Monster Like Me», framført av Mørland og Debrah Scarlett. Mørland har skrive vinnarlåten. Duoen representerte Noreg i Eurovision Song Contest 2015 i Wien, der dei kvalifiserte seg via andre semifinale. I finalen enda «A Monster Like Me» på 8. plass med 102 poeng. Dette var Noregs tredje topp ti-plassering på rad.

Sendinga Finalen året før var den minst sette nokon gong, og NRK fekk kritikk for å ha fjerna all glitter og stas frå tevlinga.Talseth, Hegseth, Hovland og Alvsing, Thomas, Morten, Kirsti og Felicia (11. mars 2014). «– NRK har ødelagt Melodi Grand Prix». VG Nett.Riise, Hege Bakken (11. mars 2014). «MGP – Programmet alle elsker å hate». nrk.no. Difor gjorde tv-kanalen om på konseptet dette året, ved å fjerne delfinalane og i staden konsentrere seg om ein stor finale i Oslo Spektrum laurdag 14. mars. Dette var første gong sidan 2005 at Melodi Grand Prix gjekk av stabelen utan delfinalar på førehand. Programleiarar var Silya Nymoen og Kåre Magnus Bergh.

Over 800 bidrag kom inn til den opne konkurransen, og ein jury plukka ut elleve av dei til finalen i Oslo Spektrum. Juryen bestod av Vivi Stenberg, musikkansvarlig for Melodi Grand Prix, Marie Komissar, programleiar og musikkprodusent i NRK P3, Tarjei Strøm, musikar og programleiar i NRK P13 og Kathrine Synnes Finnskog, direktør i Music Norway.Sand, Camilla (21. januar 2015). «Dette er årets Melodi Grand Prix-deltagere». nrk.no.

For første gong sidan 1984 var også Kringkastingsorkestret attende i Melodi Grand Prix, under leiing av dirigent Anders Eljas. Dette var første gong sidan 1999 at bidraga blei akkompagnerte av eit orkester, for i åra 1985–99 brukte NRK små orkester og band til å akkompagnere songane. Målet med orkesteret sin tilbakekomst var å få attende den «gode, gamle Grand Prix-kjensla», sa kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen til VG.Johansen, Øystein David (11. november 2014). «MGP skal gjenskape den «gode, gamle følelsen»». VG Nett. Seks av dei elleve låtane brukte Kringkastingsorkesteret.Askersrud, Rikke (9. mars 2015). «Se hvilket startnummer din MGP-favoritt har». nrk.no.

Blant artistane var det fleire kjende andlet, blant anna Elisabeth Andreassen som deltok for sjette gong i ein norsk finale, og Tor Endresen som deltok for tolvte gong. Han nærmar seg med det Jahn Teigens rekord på 14 norske deltakingar. I tillegg deltok Karin Park som artist. Ho var ein av låtskrivarane bak vinnarlåten frå 2013, «I Feed You My Love». Erlend Bratland var attende i rampelyset etter å ha vunne talenttevlinga Norske talenter på TV 2 i 2008, og Jenny Langlo hadde vunne Idol på same kanal i 2011. I tillegg deltok duoen Staysman & Lazz, kjend for ei rekkje festlåtar.

Elisabeth Andreassen deltok òg i pausenummeret før røystinga. Saman med Hanne Krogh framførte ho Bobbysocks sin vinnarlåt frå 1985, «La det swinge».

Resultat Første runde Nr. Tittel ArtistKomponistTekstforfattar Status 1 «Thunderstuck» Erlend Bratland Joy Deb og Linnea DebErlend Bratland og Linnea Deb Gullfinale 2 «Louder» Raylee Andreas Stone Johansson og Ricky HanleyUplassert 3 «All Over the World» Tor Endresen og Elisabeth AndreassenAre Selheim og Tor Endresen Gullfinale 4 «Next to You» Jenny Langlo Jenny Langlo, Robin Mortensen Lynch og Niklas OlovsonUplassert 5 «We Don't Worry» Ira Konstantinidis Øyvind Blikstad og Bjarte GiskeAli Pirzad og Julie BerganUplassert 6 «Heaven» Contrazt Jan Lysdahl og Jacob Collin LaunbjergUplassert 7 «Ta meg tilbake» Marie Klåpbakken Marie Klåpbakken, Linn Hege Sagen og Olav TronsmoenUplassert 8 «En godt stekt pizza» Staysman & Lazz Stian Thorbjørnsen, Petter Kristiansen, Lars Erik Blokkhus, Jesper Borgen og Magnus Clausen Gullfinale 9 «A Monster Like Me» Mørland og Debrah Scarlett Kjetil Mørland Gullfinale 10 «Cinderella» Alexandra Joner Erik Smaaland, Kristoffer Tømmerbakke (GoToGuy) og Thea OskarsenUplassert 11 «Human Beings» Karin Park Karin Park og Guy ChambersUplassert

Gullfinale Nr.TittelArtistKomponistTekstforfattarRøysterPlass 1 «Thunderstuck» Erlend Bratland Joy Deb og Linnea DebErlend Bratland og Linnea Deb 85 373 2 3 «All Over the World» Tor Endresen og Elisabeth AndreassenAre Selheim og Tor Endresen 43 686 4 8 «En godt stekt pizza» Staysman & Lazz Stian Thorbjørnsen, Petter Kristiansen, Lars Erik Blokkhus, Jesper Borgen og Magnus Clausen 69 199 3 9 «A Monster Like Me» Mørland og Debrah Scarlett Kjetil Mørland 88 869 1

Røysting Dei fire mest populære songane i første runde gjekk vidare til gullfinalen. Det fulle resultatet frå første runde blei aldri offentleggjort, og gullfinalistane blei presenterte i tilfeldig rekkjefølgje. I gullfinalen blei resultatet avgjort av sjåarane sine SMS-røyster. Dei var delte i fem geografiske regioner ut frå kvar i landet dei var sende frå. Kvar røyst talde eitt poeng. Poenga for landsdelane under motsvarar dimed alle mottatte telefon- og SMS-røyster. Røystene blei leste opp av sjåarar som heldt Grand Prix-festar rundt om i landet.

Røystinga blei den mest spennande på mange år, og «Thunderstruck» leia stort sett heile vegen. «A Monster Like Me» var berre favoritt i ein landsdel, men fekk 10 000 fleire røyster enn «Thunderstruck» frå Austlandet og vann til slutt med ein margin på rundt 3 500 røyster.«Melodi Grand Prix 2015 – Finale». Norsk rikskringkasting. 14. mars 2015. Besøkt 14. august 2016. Nr.TittelNord-NoregMidt-NoregSør-NoregVest-NoregAust-NoregTotalt1«Thunderstuck»8 5047 16110 81621 55837 33485 3733«All Over the World»5 2224 6705 5748 38619 83443 6868«En godt stekt pizza»5 3923 5957 0104 13449 06869 1999«A Monster Like Me»7 7787 01317 3409 43547 30388 869

Hendingar miniatyr|Mørland og Debrah Scarlett under den internasjonale finalen i Wien. Størst merksemd før finalen skapte duoen Staysman & Lazz, som frå før var kjend for sine mange partylåtar. Før finalen blei «En godt stekt pizza» spelt over ein million gonger på musikkstrøymetenesta Spotify.Aanstad og Ighanian, Kristine Hellem og Catherine Gonsholt (13. mars 2015). «Grand Prix-låten «En godt stekt pizza» streamet en million ganger». VG Nett. Vokalist Stian Thorbjørnsen tatoverte også Melodi Grand Prix-logoen på magen. «MGP er kanskje det største jeg har vært med på bortsett fra da barna mine ble født, så da må jeg jo gjøre det ordentlig.» sa Thorbjørnsen til NRK.Riise, Hege Bakken (13. mars 2015). «Tatoverte MGP-logoen på magen». nrk.no. «En godt stekt pizza» blei liggande sju veker på VG-lista med ein 13. plass som beste plassering, medan vinnarlåten «A Monster Like Me» låg tre veker på lista med ein 23. plass som beste notering.«VG-lista for 'En godt stekt pizza'». Verdens Gang. Besøkt 16. august 2016.«VG-lista for 'A Monster Like Me'». Verdens Gang. Besøkt 16. august 2016.

Etter finalen fekk Debrah Scarlett kritikk for at ho spontant ropte «Fy faen!» på direkten under sigersintervjuet. Ole Ivars-frontfigur William Kristoffersen kalla kommentaren lågmål, og banninga blei også klaga inn til Kringkastingsrådet. Scarlett sjølv orsaka banninga og forklarte at ho var i ein uvand situasjon og i sigersrus.Marthinussen, Linn-Christin (16. mars 2015). «Raser mot MGP-vinner: – Det blir totalt lavmål og forferdelig usmakelig» . Dagbladet.no.Hagen og Ighanian, Sverre Nordberg-Schulz og Catherine Gonsholt (15. mars 2014). «MGP-stjernen beklager banning». VG Nett.

NRK gjorde suksess med finalen, og sendinga blei sett av 1 250 000. Det var ein auke på nesten 500 000 frå året før, og det høgaste sjåartalet for ein norsk finale sidan 2011.Gjestad, Robert Hoftun (16. mars 2015). «Seersuksess for NRK og MGP». Aftenposten.no.

Opnings- og pausenummer i finalen «Dschinghis Khan», framført av Silya Nymoen, Kåre Magnus Bergh, Erlend Bratland, Raylee, Tor Endresen, Elisabeth Andreassen, Jenny Langlo, Ira Konstantinidis, Contrazt, Marie Klåpbakken, Staysman & Lazz, Kjetil Mørland, Debrah Scarlett, Alexandra Joner og Karin Park. «Silent Storm», framført av Carl Espen og Josefin Winter. «La det swinge», framført av Silya Nymoen og Bobbysocks. Adam Schjølberg og Tore Petterson frå NRK1-serien Sofa tok òg del i programmet, der dei mellom anna gjorde intervju og diskuterte bidraga.

I tillegg blei korte klipp av tidlegare bidrag i Eurovision Song Contest vist under sendinga, delt inn i ulike kategoriar:

Topp 3 Overdådige kostyme 3. 2008: «Day After Day» av Elnur og Samir 2. 1977: «Boom Boom Boomerang» av Schmetterlinge 1. 2007: «Dancing Lasha Tumbai» av Verka Serduchka

Topp 3 Koko koreografi 3. 1981: «Wenn du da bist» av Marty Brem 2. 1976: «Pump-Pump» av Fredi og Ystävät 1. 2012: «Euro Neuro» av Rambo Amadeus

Topp 3 Lalala-songar 3. 1968: «La, la, la» av Massiel 2. 1971: «Pomme, pomme, pomme» av Monique Melsen 1. 1969: «Boom Bang-a-Bang» av Lulu

Topp 3 Høge C-tonar 3. 1995: «Sama» av Justyna Steczkowska 2. 2013: «It's My Life» av Cezar 1. 2012: «Suus» av Rona Nishliu

Topp 3 Kreative sceneelement 3. 2013: «Hold Me» av Fərid Məmmədov 2. 2008: «Believe» av Dima Bilan 1. 2014: «Tick-Tock» av Marija Jaremtjuk

Topp 3 Rart 3. 1979: «Trödler und Co» av Peter, Sue, Marc, Pfuri, Gorps & Kniri 2. 2008: «Divine» av Sébastien Tellier 1. 2008: «Pokušaj» av Laka

Fotnotar

Kategori:Melodi Grand Prix 2015 Kategori:2015 i Noreg Kategori:Musikk i Oslo Kategori:Musikktevlingar i 2015