«Little Green Apples» er ein song skriven av Bobby Russell. Songen vart mest suksessrik som singel for O.C. Smith i 1968.

I følgje Buzz Cason, som i lag med Bobby Russell i Nashville dreiv Rising Sons musikkforlag, skreiv Russell både «Honey» og «Little Green Apples» som «eit låtskrivareksperiment», og ante ein potensiell marknad for songar om livet med meir «kjøt på beinet i tekstane enn det som var vanleg» for hitsongar på den tida.Billboard vol 80 #13 (30. mars 1968) s.51 Russell skreiv «Little Green Apples» for Roger Miller og Miller gjorde den første innspelinga av songen den 24. januar 1968 i Columbia Recording Studio i Nashville, produsert av Jerry Kennedy.http://countrydiscography.blogspot.com/2010/05/roger-miller.html Han vart gjeven ut som den første singelen frå albumet A Tender Look at Love og «Little Green Apples» gav Miller hans siste song inne på topp 10 på C&W-lista i USA og den siste topp 40-hitten hans på Hot 100 i Billboard med ein 39. plass. I Storbritannia nådde Miller sin «Little Green Apples» 19. plass våren 1968, då han òg nådde 46. plass i Australia. Våren 1969 gjekk songen igjen inn på lista i Storbritannia og nådde då 39. plass.

Patti Page spelte inn «Little Green Apples» for det country-orienterte albumet Gentle on My Mind. Page-versjonen vart seinare gjeven ut som singel i juni 1968 og nådde 11. plassen på Easy Listening-lista og den siste singelen hennar inne på Hot 100 med ein 96. plass.

O. C. Smith spelte inn «Little Green Apples» i Columbia Studios LA for albumet Hickory Holler Revisited. På same albumet var hitten hans «Son of Hickory Holler's Tramp». Songen «Main Street Mission» vart gjeven ut som oppfølgjarsingelen til hitten, men som Buzz Cason sa «ein DJ i Detroit spelte albumversjonen av 'Little Green Apples' ein morgon». Dette førte til stor aktivitet på telefonlinjene om folk som ønskte å høyre denne versjonen og DJen ringde Steve Popovich, som leia marknadsføringsavdelinga for Columbia i New York,Living the Rock 'N' Roll Dream : The Adventures of Buzz Cason; Hal Leonard Corp Milwaukee WI (2004) ISBN 0-634-06672-2; p.192 og «Little Green Apples» erstatta «Main Street Mission» som singel for Smith. Smith sin versjon nådde andreplassen på både Hot 100 og R&B-lista og selde til gullplate for 1 million selde eksemplar. Låtskrivaren Bobby Russell vann Grammy-prisen i 1969 for årets song og årets beste countrysong.

Andre versjonar Songen er spelt inn av følgjande artistar og grupper: Burl Ives på albumet The Times They Are A-Changin' i 1968 Tony Joe White i 1968 på albumet Black and White Frank Sinatra i 1968 på albumet Cycles Stanley Turrentine i 1968 på album Always Something There Dionne Warwick i 1968 på albumet Promises, Promises Johnny Mathis i 1968 på albumet Those Were the Days Glen Campbell og Bobbie Gentry i 1968 på albumet Bobbie Gentry & Glen Campbell The Temptations i 1969 på albumet Puzzle People Andy Williams i 1969 på albumet Happy Heart Dean Martin i 1969 på albumet I Take a Lot of Pride in What I Am Tony Bennett i 1970 på albumet Tony Sings the Great Hits of Today! Ben E. King i 1970 på albumet Rough Edges Bloodstone i 1972 på albumet Bloodstone Monica Zetterlund i 1969 som «Små gröna äpplen» med svensk tekst skriven ABBA-manageren Stig Anderson. Både songen og teksten vann den svenske Grammis-prisen. Nancy Wilson i 2004 på albumet R.S.V.P. (Rare Songs, Very Personal) Robbie Williams med Kelly Clarkson i 2013 på albumet Swings Both Ways.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Little Green Apples» frå , den 24. januar 2015. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Songar frå 1968 Kategori:Singlar frå 1968 Kategori:Songar skrivne av Bobby Russell Kategori:O.C. Smith-songar Kategori:Roger Miller-songar Kategori:Patti Page-songar Kategori:Burl Ives-songar Kategori:Tony Joe White-songar Kategori:Frank Sinatra-songar Kategori:Dionne Warwick-songar Kategori:Johnny Mathis-songar Kategori:Glen Campbell-songar Kategori:Bobbie Gentry-songar Kategori:The Temptations-songar Kategori:Andy Williams-songar Kategori:Dean Martin-songar Kategori:Tony Bennett-songar Kategori:Ben E. King-songar Kategori:Bing Crosby-songar Kategori:Nancy Wilson-songar Kategori:Monica Zetterlund-songar Kategori:Robbie Williams-songar Kategori:Årets song i USA