Eyes er det sjuande studioalbum av den amerikanske musikaren Tony Joe White, gjeve ut i 1976. Albumet kom ut tre år etter det siste albumet hans for Warner Brothers, Homemade Ice Cream i 1973. Musikken på albumet var ei kraftig stilendring for Tony Joe White og består utelukkande av discosongar.
Albumet er aldri gjeve ut på CD.
Det vart gjeve ut ein singel frå albumet, «Hold On To Your Hiney» med «Texas Woman» som B-side. Singelen vart berre gjeven ut i Canada og Europa.
Innhald
Medverkande Tony Joe White: vokal, gitar, munnspel, produsent Billy Wayne Herbert: bass James Govan: trommer Don Chandler: orgel og piano Plas Johnson: saksofon Rene Coopman: vibrafon Korvokalistar: Julie Tillman Waters, Maxine Willard Waters, Venetta Fields
Ron Capone: Lydteknikar, miksing Pat Glasser: Miksing Tom Trefethen: Miksing
Kjelder Eyes på Discogs
Kategori:Musikkalbum frå 1976 Kategori:Tony Joe White-album