Uncovered er det 17. studioalbumet til den amerikanske musikaren Tony Joe White, gjeve ut 5. september 2006 på Swamp Records i USA og Munich Records i Europa.
Albumet inneheld sju nye songar i tillegg til nye innspelingar av «Rainy Night in Georgia», «Taking the Midnight Train» og «Did Somebody Make a Fool Out of You». Han har med seg fleire gjesteartistar på albumet, som Mark Knopfler på «Not One Bad Thought», Michael McDonald på piano og vokal på «Don't Look Down», Eric Clapton på «Did Somebody Make a Fool Out of You» og J.J. Cale på «Louvelda». Waylon Jennings var med på «Shakin' the Blues» og det var ein av dei aller siste gongane han var i studio før han døydde.
Allmusic skreiv om albumet: «White trengde aldri å heve stemma si, fordi krafta i den neste kviskrande stemma har krafta til ein langsamtbrennande flamme som vert eit flammehav. For dei som ikkje alt visste det, White er tilbake -- og det som det står etter.»
Innhald
Medverkande
Musikarar Tony Joe White: gitar, vokal, munnspel, whomper stomper, swamp box Tom McGinley - barytonsaksofon John Catchings - cello Jeff Hale - trommer, perkusjon Carson Whitsett - orgel, elektisk piano, piano Robby Turner - bass, pedalsteelgitar Wayne Jackson - trombone, trompet Mark Knopfler - gitar, vokal (spor 2) Eric Clapton - gitar, vokal (spor 3) J.J Cale - gitar, vokal (spor 4) Waylon Jennings - gitar, vokal (spor 6) Michael McDonald - piano, vokal (spor 8)
Andre Produsert av Tony Joe White og Jody White
Kjelder Albumet på Discogs
Kategori:Musikkalbum frå 2006 Kategori:Tony Joe White-album