Mevo Hama (hebraisk מְבוֹא חַמָּה) er ei israelsk busetjing og ein kibbutz sør i Golanhøgdene. Han er den sørlegaste landsbyen i Golan og ligg berre 2 km frå Genesaretsjøen i ei høgd 350 meter over havet. Han er styrt under Golan regionale kommune. Det internasjonale samfunnet reknar israelske busetjingar i Golanhøgdene som ulovlege etter internasjonal rett, men dei israelske styresmaktene motset seg dette.
Historie Han var den andre israelsk busetjinga som vart grunnlagd i Golan etter seksdagarskrigen i 1967 og var bygd i ein syriske militærbase kalla «Emrit Ez Edeen». Frå her hadde syrarane skote mot kibbutzenim nær grensa (Ein Gev og HaOn). I januar 1968 samla fleire medlemmar i dei kringliggande kibbutzar seg og valde å opprette ei ny busetjing i området og i september hadde dei slått seg ned i ruinane av basen. Dei fekk med seg ei gruppe ungdomar i 1971 frå Israel, Australia og England. Namnet på busetjinga tyder Kjelda til varmekjeldene, og vart gjeven av forfattaren Mattityahu Shalem.
Sjå òg israelskokkuperte territorium Kibbutzrørsla
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Mevo Hama» frå , den 22. februar 2015. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Kibbutzar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1968 Kategori:Golan regionale kommune Kategori:Israelske busetjingar Kategori:Busetnader i Det nordlege distriktet i Israel