Yafa an-Naseriyye (arabisk يافة الناصره, «Jaffa av Nasaret», òg skrive Yafa, Yafia eller Yafi arabisk يافا, يفيع, hebraisk יָפָא, יָפִיעַ) er ein arabisk lokal kommune i Nedre Galilea i Israel. Han utgjer ein del av storbyområdet til Nasaret, og er ein arabisk stad. Han fekk status som lokal kommune i 1960 og hadde i 2005 eit folketal på 16 200. Av dette var kring 70 % muslimar og 30 % kristne.
Historie Yafa er identifisert som den antikke byen Japhia, som er nemnt i Josvas bok som ein grenseby i Sebulon (Josva 19:12). Lokale mellomaldersegner hevda at Zebedee og dei to sønene hans, Jakob og Johannes, budde i Yafa.
I 1881 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine (SWP) landsbyen som ein «mellomstor landsby i ei sterk stilling på utstikkaren som går frå Nasaret og ned til Jebata. Han har ein brunn på nordsida og ein annan brunn i dalen i nordaust.»Conder and Kichener, 1881, s. 280
I folketeljinga i 1931 hadde Yafa, (inkludert Arab el Ghazzalin), 312 busette hus og eit folketal på 833, av desse 456 muslimar og 377 kristne.Mills, 1932, s. 76
I 1948 vart Yafa erobra av det israelske forsvaret under Operasjon Dekel, som starta i juli det året.Morris, Benny (1987) The birth of the Palestinian refugee problem, 1947-1949. Cambridge University Press. ISBN 0-521-33028-9. s.200. Dei attverande innbyggjarane vart sett i unntakstilstand fram til 1966.
Ein stor del av innbyggjarane i Yafa er i dag etterkomarar etter internt forflytta flyktningar frå nabolandsbyen Ma'alul, som vart avfolka under den israelsk-arabiske krigen i 1948.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Yafa an-Naseriyye» frå , den 1. februar 2015. oppgav desse kjeldene: Alexandre, Yardenna (3/10/2012): Yafi‘a Final report , Hadashot Arkheologiyot, no.124
(p. 280 ff., 353 ff.) s. 689 s. 103-106 s.63 s.190
Bakgrunnsstoff Velkomen til Yaffa
Kategori:Kommunar i Israel Kategori:Arabiske stader i Israel Kategori:Arabiske kristne busetnader i Israel Kategori:Lokale kommunar i Nord-distriktet i Israel