«Get Together», òg kalla «Let's Get Together», er ein song skriven tidleg i 1960-åra av den amerikanske songar-låtskrivaren Chet Powers (òg kjend som Dino Valenti).

Songen bed om fred og brorskap, og handlar om polariteten mellom kjærleik og frykt, og valet som må gjerast mellom dei to.

Innspelingshistorie Songen vart først spelt inn som «Let's Get Together» av The Kingston Trio og gjeven ut 1. juni 1964 på albumet Back in Town.The Kingston Trio, Back in Town Henta 3. februar 2015. Han vart ikkje gjeven ut som singel, men det var denne versjonen som først gjorde folk merksam på songen. The Kingston Trio spelte ofte songen på konsertane sine.

Ein versjon av songen nådde topp 40 på singellista i USA i 1965, då We Five, produsert av Kingston Trio-manageren Frank Werber, gav ut «Let's Get Together» som oppfølgjaren til hitten deira «You Were on My Mind». Denne singelen vart ikkje like populær, men nådde likevel 31. plassen på Billboard Hot 100.We Five charting singles Retrieved 3. februar 2015. Dette vart den siste hitsingelen deira.

Judy Collins spelte songen på Newport Folk Festival i 1966 og versjonen hennar vart seinare gjeven ut på eit samlealbum frå Newport-festivalane. .

Frå 1967 til 1969 var «Get Together» fast på konsertane til Joni Mitchell, ofte spelt som ekstranummer. I 1960-åra spelte HP LoveCraft ofte songen.

I 1967 vart songen spelt inn av The Youngbloods som gav han ut som «Get Together.» Han vart ein mindre hit for dei med ein 62. plass.The Youngbloods' charting singles Retrieved 3. februar 2015. Det vart fornya interesse for Youngbloods-versjonen då han vart nytta i ein radioreklame som bad om brorskap. Han vart då gjeven ut på ny og nådde heilt til femteplassen på singellista i USA i 1969.

The Dave Clark Five nådde 8. plassen på UK Singles Chart i mars 1970 med ein versjon kalla «Everybody Get Together».

Andre versjonar 1964: Chet Powers spelte inn songen i januar 1964. 1964: Hamilton Camp på albumet Paths Of Victory 1964: David Crosby (ikkje gjeven ut før 2002. Crosby og Dino Valenti delte husvære tidleg i 1960-åra) 1965: Chad Mitchell Trio på albumet That's the Way It's Gonna Be 1966: Jefferson Airplane spelte inn versjon i 1966 for debutalbumet Jefferson Airplane Takes Off. I 1966 selde Chet Powers rettane til songen til Frank Werber i eit forsøk på å få inn pengar til å forsvare seg mot dopanklagar. 1968: Stone Poneys på albumet Linda Ronstadt, Stone Poneys and Friends, Vol. III 1968: The Staple Singers på albumet «What the World Needs Now Is Love» 1969: The Cryan' Shames på albumet Synthesis 1969: The Carpenters på albumet Offering i 1969. 1969: Andy Williams på albumet, Get Together with Andy Williams 1969: The Dave Clark Five på albumet If Somebody Loves You 1970: Ray Stevens spelte songen på albumet Everything Is Beautiful. 1970: Lucifer 1970: Louis Armstrong spelte inn songen for det siste studioalbumet sitt, Louis 'Country & Western' Armstrong. 1979: Jesse Colin Young på albumet No Nukes, og i filmen med same namn. 1986: Randy Stonehill på albumet The Wild Frontier, produsert av Dave Perkins 1988: Kate Wolf på An Evening in Austin 1988: Love Dolls på Love One Another 1989: The Indigo Girls på albumet Strange Fire. 1989: The Wonder Stuff på B-sida til singelen «Golden Green» 1991: Strider på albumet deira med same namn. 1991: Nirvana-bassisten Krist Novoselic roper ut refrenget på «Get Together» i byrjinga av «Territorial Pissings» på albumet Nevermind i 1991. 1994: Big Mountain 1996: Jesse Colin Young frå The Youngbloods på albumet On the Mountain 2. 1999: Garth Brooks, under pseudonymet Chris Gaines, nytta refrenget i 1999 på songen «Right Now» som er å høyre i filmane I'll Always Know What You Did Last Summer 2003: Lizz Wright på albumet Dreaming Wide Awake 2004: Wilson Phillips på albumet California 2007: Ann Wilson på albumet Hope & Glory Anne Murray The Association David and the Giants Deana Carter Wynonna Judd

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Get Together av Chet Powers» frå , den 3. februar 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Get Together på Songfacts.com

Kategori:Songar frå 1963 Kategori:Singlar frå 1965 Kategori:Singlar frå 1967 Kategori:Singlar frå 1969 Kategori:The Kingston Trio-songar Kategori:We Five-songar Kategori:Joni Mitchell-songar Kategori:The Youngbloods-songar Kategori:The Dave Clark Five-songar Kategori:Jefferson Airplane-songar Kategori:Carpenters-songar Kategori:Ray Stevens-songar Kategori:Wilson Phillips-songar Kategori:Anne Murray-songar Kategori:The Association-songar Kategori:Andy Williams-songar Kategori:Songar produserte av Felix Pappalardi Kategori:Folkrock-songar Kategori:Antikrigssongar Kategori:RCA Victor-singlar Kategori:Louis Armstrong-songar Kategori:Linda Ronstadt-songar