Tony Peluso () var ein USA-amerikansk gitarist og plateprodusent. Han var sologitarist for popduoen Carpenters frå 1972 til 1983.
Peluso er kanskje mest kjend for fuzzgitarsoloen på Carpenters-songen «Goodbye to Love», og som DJ-etterlkining i opninga av «Calling Occupants of Interplanetary Craft».
Peluso arbeidde ei stund med Bobby Sherman og Paul Revere & the Raiders as i tillegg til bandet Instant Joy for Mark Lindsay før han arbeidde med Carpenters.
Etter Karen Carpenter døydde i 1983, vart Peluso plateprodusent. Han arbeidde det neste tiåret for Motown Records med artistar som Smokey Robinson, The Temptations, the Four Tops og Michael Jackson.
Peluso var produsent og/eller lydteknikar for artistar som Kenny Loggins, Seals and Crofts, Apollonia Kotero, Player, Animotion, Stephanie Mills, The Triplets, Bloc, The Fixx, Dave Koz og Boyz II Men.
Peluso vann fire Grammy-prisar gjennom karrieren sin og har delteke på plateinnspelingar som har selt i alt 150 millionar eksemplar.
Han døydde 60 år gammal i Los Angeles den 5. juni 2010 frå ein hjartesjukdom.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Tony Peluso» frå , den 4. februar 2015. oppgav desse kjeldene:
Kategori:USA-amerikanske gitaristar Kategori:Sologitaristar Kategori:Grammy-vinnarar Kategori:USA-amerikanske plateprodusentar