Horizon er eit studioalbum av den amerikanske popduoen Carpenters. Det var det sjette albumet deira på rad som selde til platinaalbum i USA. Det vart spelt inn ved A&M Records og Carpenters brukte mange timar på å eksperimentere med nye lydar, teknikkar og effektar.Carpenter, Richard: «Yesterday Once More: Memories of the Carpenters and Their Music", page 87. Tiny Ripple Books, 2000
Etter fem album på rad som nådde topp 5 i USA, nådde Horizon berre 13. plass. Albumet selde likevel til platina i USA for ein million eksemplar. Det vart ein stor suksess i Storbritannia og Japan, og toppa listen og vart eit av dei bestseljande albuma i 1975 i dei landa. Horizon nådde òg tredjeplassen i New Zealand, fjerdeplassen i Canada og femteplassen i Noreg.
Oversyn Den første singelen på albumet, «Please Mr. Postman» (gjeve ut sju månader tidlegare), vart den største hitsingelen frå albumet og den største hitten til Carpenters på verdsbasis. Han nådde toppen av singellistene i USA, Australia, New Zealand, Canada og Sør-Afrika og andreplassen i Storbritannia og Irland.http://leadsister.com/?page_id=725 På denne songen spelar Karen Carpenter trommer og Tony Peluso gitarsolo. Den neste singelen, «Only Yesterday», vart òg ein stor suksess og nådde andreplassen i Canada og Frankrike, fjerdeplassen i USA, femteplassen i Irland, sjuandeplassen i Storbritannia og tiandeplassen i New Zealand og selde til gullplate i Japan. Songen vann òg den gjeve Grand Prix-prisen i Japan.Carpenters Decade back cover; sold through the original fan club Ein tredje singel, «Solitaire», nådde 15. plassen i USA og topp 40 i fleire andre land.
«Desperado» var opphavleg ein song av The Eagles frå 1973 frå albumet med same namn. Fleire andre har spelt inn denne songen, som Linda Ronstadt, Bonnie Raitt og Kenny Rogers. Sidan songen alt var velkjent, valde A&M å ikkje gje denne ut som singel. Ein annan song, «I Can Dream, Can't I», var ei tolking av hitten til Andrews Sisters frå 1949. Karen og Richard Carpenter hyrte inn Billy May, som hadde arbeidd med artistar som Frank Sinatra og Nat King Cole, til å orkestrere songen. Songen har med Billy May Orchestra. John Bahler syng i koret på denne songen.
Mottaking
Rolling Stone-skribenten Stephen Holden likte Horizon og kalla det «the Carpenters sitt mest sofistikerte album så langt.» AllMusic gav albumet heller dårleg kritikk, men meinte produksjonen var god.
Innhald
Lister
Vekeslister Liste (1975)PlasseringAustralian Kent Music Report Album Chart21Canadian RPM Album Chart4Japanske Oricon albumliste1New Zealand3Noreg - VG-lista5UK Album Chart1USA Billboard Pop Album[ Allmusic Carpenters > Horizon > Charts & Awards > Billboard Album]13West German Media Control Album Chart42
Årslister Liste (1975)PlasseringAustralian Album Chart78Canadian Album Chart40Japan8UK Album Chart4
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Horizon (The Carpenters album)» frå , den 8. februar 2015. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Musikkalbum frå 1975 Kategori:The Carpenters-album Kategori:A&M Records-album Kategori:Nummer-ein-album i Storbritannia Kategori:Nummer-ein-album i Japan