«Calling Occupants of Interplanetary Craft (The Recognized Anthem of World Contact Day)» er ein song av Klaatu, opphavleg gjeve ut i 1976 på det første albumet deira 3:47 EST. Songen opna nattsendinga på piratradiostasjonen Radio Caroline. Året etter songen kom ut spelte The Carpenters inn songen, med hjelp av 160 musikarar. Begge versjonane av singlane hadde det fulle namnet på omslaget (men Carpenters hadde undertittelen i lita skrift). På seinare singelutgåve for Klaatu var tittelen korta ned til «Calling Occupants».
Opphav John Woloschuk, medlem i Klaatu og ein av dei som skreiv songen sa: Ideeln for denne songen kom av ei faktisk hending som var skildra i The Flying Saucer Reader, ein bok av Jay David frå 1967. I mars 1953 skal ein organisasjon kalla «International Flying Saucer Bureau» send ein bulletin til alle medlemmane sine der dei bad dei delta i eit eksperiment kalla «World Contact Day», der dei til ein fastsett dato og tidspunkt i lag skulle prøve å sende ut ei telepatisk melding til vitjande frå det ytre rommet. Meldinga byra med «Calling occupants of interplanetary craft!»
Lister Liste (1977)PlasseringU.S. Billboard Hot 10062Canada RPM 100 Singels45
Medverkande John Woloschuk - solovokal, korvokal, piano, orgel, synthesizer, bassgitar Dee Long - korvokal, mellotron, synthesizer, elektrisk gitar Terry Draper - solovokal, korvokal, trommer, pauke, perkusjon Terry Brown - korvokal http://www.klaatu.org/
The Carpenters-versjonen The Carpenters-versjonen vart gjeven ut på Passage og fleire samlealbum. Singelen vart ein suksess og mange skreiv brev til duoen der dei spurte når World Contact Day (verdas kontaktdag) skulle vere. Songen kom ut kort tid før Steven Spielberg-filmen med liknande tema, Nærkontakt av tredje grad kom ut, november same året. Ein del av songen kan høyrast i filmen The Wolverine frå 2013.
Carpenters-versjonen opna med ein radioprat på eit innringingsprogram, som får ein telefon frå ein «Mike Ledgerwood». Då DJen spør Mike om eit songynske svarar ei romvesenstemme. Radioprataren på songen var gitaristen til Carpenters, Tony Peluso, som i musikkvideoen òg spelar denne radioprataren.
Singelomslaget vart måla av Star Trek-designeren Andrew Probert.
I april 2011 vart songen nytta i BBC-serien Wonders of the Solar System, leia av dr. Brian Cox.
Lister Liste (1977)PlasseringU.S. Billboard Hot 10032U.S. Cash Box Top 10023U.S. Billboard Adult Contemporary18Canadian Singles Chart9UK Singles Chart9Irish Singles Chart1
Medverkande Karen Carpenter - solo- og korvokal Richard Carpenter - solo- og korvokal, klaverinstrument Joe Osborn - bassgitar Tony Peluso - gitar, DJ Ron Tutt - trommer Earle Dumler - obo Gregg Smith Singers - korvokal Peter Knight - orkesterarrangement
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Calling Occupants of Interplanetary Craft» frå , den 9. februar 2015. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Songar frå 1976 Kategori:Singlar frå 1977 Kategori:Klaatu-songar Kategori:Carpenters-songar Kategori:Nummer-ein-singlar i Irland