mini|Forstørra visning av det fremre segmentet i auga. Bruk av spaltelampe og diffus illuminans visar konjunktiva som ligg over den kvite sklera, transparente hornhinna, farmakologisk utvida pupillen og katarakt. mini|Diagram som visar det fremre augesegmentet i auga (horisontalsnitt av høgre auge): 1. augelinse; 2. zonulatråd; 3. bakre augekammer; 4. fremre augekammer; 5. flyten av kammervatn; 6. pupill; 7. tunica fibrosa bulbi; 8. hornhinne; 9. trabekelverket og schlemms kanal; 11. hornhinneranden; 11. sklera; 12. konjunktiva; 13. uvea; 14. regnbogehinne; 15. strålelekam. Det fremre augesegmentet (av latin segmentum anterius bulbi oculi) er den fremste tredelen av auga som omfattar alle strukturane framføre glaslekamen: hornhinna, regnbogehinna, strålelekamen og linsa.Cassin, B. and Solomon, S. Dictionary of Eye Terminology. Gainesville, Florida: Triad Publishing Company, 1990."Departments. Anterior segment." Cantabrian Institute of Ophthalmology.
Inni det fremre augesegmentet finst det to væskefylte rom: det fremre augekammeret mellom den bakre overflata av hornhinna (hornhinneendotel) og regnbogehinna. det bakre augekammeret mellom regnbogehinna og framsida av glaslekamen.
Desse romma er fylt av kammervatn som gjev næring til dei kringliggjande veva.
Nokre oftalmologar og optikarar spesialiserar seg i behandling og handtering av sjukdommar og lidingar i det fremre segmentet.
Sjå òg bakre augesegment
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Anterior segment of eyeball» frå , den 10. februar 2015.
Kategori:Auga