Nordhordland folkehøgskule er ein kristen folkehøgskule som ligg i på Frekhaug i Alver kommune i Vestland fylke. Skulen tar imot om lag 175 elevar i året og er den største folkehøgskulen i Noreg etter elevtal. Nordhordland folkehøgskule vart skipa i 1914 og er eigd av Nordhordland indremisjon. Utanom skuleåret driv Nordhordland folkehøgskule med catering, kurs og utleige av lokale.

Skulen har symjehall, idrettshall, sandvollyballbane, fotballbane og turløyper i terrenget omkring skuleområdet. Alle linjefaga drar på ein tur til utlandet i løpet av skuleåret. I tillegg tilbyr skulen ein studietur på 3 veker til Israel for alle elevane.

Linjefag ved skulen i 2015: Dans eXercise Fotball FotoGlobal Global Active Global Care Global eXtreme Global Helse Mission Global Musikal Musikk Sport & Outdoor

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Nordhordland folkehøgskule på Facebook

Kategori:Folkehøgskular i Vestland Kategori:Kristne skular i Noreg Kategori:Skular i Alver Kategori:Nordhordland Kategori:Skipingar i 1914