Valve Corporation (tidlegare Valve Software) er ein amerikansk dataspelutviklar med hovudkontor i Bellevue i Washington. Valve blei grunnlagt av Gabe Newell i 1996 og blei verdskjend etter det fyrste produktet deira, Half-Life, som blei lansert den 19. november 1998. Selskapet fekk på ny mykje omtale og ros ved lanseringa av Half-Life 2 i 2004. Sidan har dei utgitt programvara Steam som er ein distribusjonsplattform for spel, og tilgjengeleg på PC og PS3.
Valve har produsert videospelseriane Counter-Strike, Day of Defeat, Half-Life, Left 4 Dead, Portal, Team Fortress og spelet Dota 2.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Valve Corporation» frå , den 13. februar 2015.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Dataspelutviklarar Kategori:Valve Corporation Kategori:Skipingar i 1996