Brigade Nord er ein kommandostruktur som leiar Hærens bataljonar som skal samvirka i strid. Brigade Nord er det viktigaste verktøyet til Hæren for å førebyggja og handtera tryggleikspolitiske kriser i Noreg og for å bidra til kollektivt forsvar av Noreg og NATO. Brigade Nord er den einaste brigaden i Noreg, men skal likevel ha kapasitet til å planleggja, leie og gjennomføra koordinerte og målretta operasjonar saman med styrkar frå andre forsvarsgreiner og allierte styrkar. Brigade Nord er øvste taktiske landmilitære nivå, og rapporterer difor direkte til Forsvarets operative hovedkvarter (FOH) når han er sett på feltfot. Brigaden er plassert i Hæren sine to kjerneområde: Rena i Østerdalen og i Troms. På Rena er HRS-avdelingane forlagt, Telemark bataljon og støttekompani med verva personell.

Ved Heggelia leir i Bardufoss er brigadekommandoen forlagt, leia av brigadér Eldar Berli.

Historikk Sjølv om Brigade Nord har berre vore aktiv sidan 2002, har brigaden ein lang historikk. Det er hovudsakleg ei vidareføring av andre nedlagde brigadar.

Okkupasjonsbrigade i Tyskland mini|Feltkart over Tysklandsbrigade 471.

På bakgrunn av forhandlingsresultatet frå London i juni 1946, utarbeida Forsvarsdepartementet Stortingsmelding nr. 31 for 1945–1946 om den norske deltakinga i okkupasjonen av Tyskland, og la denne fram for Stortinget 6. september 1946. Tysklandsbrigaden, som vart oppretta i 1947, var Noregs bidrag til okkupasjonsstyrkane til dei allierte etter den andre verdskrigen. Brigaden var stasjonert ulike plassar i Tyskland, som samarbeidspartnarar til attreisinga av landet. Sjef for Hæren på denne tida, generalløytnant Olaf Helset, stod for den overordna organiseringa og leiinga av opprettinga av ein norsk brigade i Tyskland. Ein var usikker på antallet i brigaden; det var forslag frå 4000 til 5000 mann. Forsvarsdepartementet antyda 4000 hovud, medan generalløytnant Helset var tydeleg på at det ikkje dekka alle stillingar i ein fungerande brigade. Då første kontingent stod klar, Brigade 471, bestod brigaden av 4200 mann fordelt på militære underavdelingar. Brigaden bestod av blant anna tre infanteribataljonar, eitt feltartilleriregiment, éin sambandstropp, eitt militærpolitikompani og eitt sanitetskompani, i tillegg til forsyningsavdelingar. Det var tre geværkompani – Kompani A, B og C – i kvar infanteribataljon. Seinare vart Tysklandskommandoen oppretta, underlagt Hærens overkommando, oppretta som eige organ. Dette var for å sikra kontinuiteten og dessuten ta seg av dei oppgåvene som ikkje høyrer inn under ein feltbrigade.

Oppgåva var ikkje å utøva reell strid; krigen var allereie over. Dåverande forsvarsminister Jens Christian Hauge uttalte at Tysklandsbrigaden er der «for å fullbyrde freden». Dei norske soldatane skulle, i tillegg til å driva ordinær, militær utdanning, bidra til å sikra ro og orden lokalt, samt å hjelpa det allierte kontrollapparatet med å passa på at våpenstillstandsbetingelsene vart heldt ved like. Dei skulle sikra at det ikke skjedde eller vart førebudd noko som trua freden. Likevel meinte leiinga at den norske brigaden ikkje var i stand til å gå til reell strid, om situasjonen tilsa det. Sovjetunionen, som hadde ansvarsområde i Aust-Tyskland, kutta all kommunikasjon, flylinjer og jarnbane, med vestlege allierte i 1948. Dei allierte flytta den norske brigaden mot vest, etter forhandlingar i London, sidan brigaden ikkje var førebudd på total krig. Seinare – under den kalde krigen – fekk Tysklandsbrigaden, saman med britiske og danske soldater, i oppdrag å møta eit eventuelt sovjetrussisk åtak i Schleswig-Holstein i Tyskland. Forfattar og veteran Aslak Nore set spørsmålsteikn ved at Storbritannia forventa at den norske hæren skulle bidra ved eit eventuelt sovjetrussisk åtak.

Den første avmarsjen av personell til Tyskland skjedde i løpet av januar 1947. Soldatane som utgjorde brigaden vart plassert i seks ulike garnisonar: Northeim, Seesen, Bad Gandersheim, Einbeck, Holzminden og Göttingen. I april godkjente brigadeleiinga at avdelingane gav norske namn til leirane. Brigaden heldt til i Tyskland, til april 1953.

Etablering av ny nordnorsk brigade

Militærkomiteen og Stortinget gjorde mange endringar i strukturen og organiseringa til Hæren på 1950-talet. Dei allierte militære rådgjevarane hadde tilrådd at Noreg burde organisera felthæren i 3 divisjonar, 1. divisjonskommando i aust, 3. divisjonskommando i sør og 6. divisjonskommando i nord. der Brigaden i Nord-Norge skulle inngå i den sistnemnde. Berre 1. og 6. divisjonskommando vart godkjent. Allereie hausten 1952 stod 1. divisjonskommando på beredskap, medan 6. divisjonskommando vart organisert av Tysklandskommandoen.Breidlid m.fl. 1990:183 Tankar om å flytta Tysklandsbrigaden tilbake til Noreg, og etablera ein ny nasjonal brigade var allereie interessant på 1950-talet. Som grunnlag for forslag om landforsvaret, hadde Hærens overkommando utarbeida ein rapport 1. mars 1952, kalla «Plan for Hærens ordning».Lundesgaard 1995:35Breidlid m.fl. 1990:179 Utifrå rapporten, utarbeida Stortinget eit utkast til ny forsvarsorganiasjon, med stortingspreposisjon nr. 2 (1953) «Forsvarets organisasjon», som har enorm betydning for Hæren i etterkrigstida. Denne preposisjonen vart vedteke einstemmig i Stortinget 6. juli 1953.Lundesgaard 1995:35Breidlid m.fl. 1990:179 1. september 1953 vart Brigaden i Nord-Norge formelt erklært operativ.Lundesgaard 1995:35Breidlid m.fl. 1990:182 Denne nye ståande brigaden si oppgåve skulle vera todelt:

fungera som ein ståande beredskapstyrke i utsette område inntil landet har mobilisert og; skulle bestå av vernepliktige som utførte førstegongstenesta, og dermed var under opplæring og utdanning. 6. divisjonskommando, den overordna kommandostrukturen til brigaden, vart etablert på Elvegårdsmoen utanfor Narvik 1. mai 1954.Breidlid m.fl. 1990:184 I denne perioden var det mykje debatt om kva avdelingar ein skulle ha i brigaden og Hæren nasjonalt sett. Mange offiserar hadde meiningar om å gjenoppretta same struktur som før krigen, medan andre ville ha ny struktur med nye avdelingar.Breidlid m.fl. 1990:184-188 Brigaden var avhengig av vernepliktig personell; ein føresetnad for oppretting av Brigaden i Nord-Norge var ei forlenging av tenestetida. Utskrivigsstyrken var ikkje «stor nok til å dekke mannskapsbehovet innenfor rammen av 12 måneder».Lundesgaard 1995:36 Forsvarsministeren hadde allereie 12. desember 1951 gitt uttrykk for å forlenga tenestetida til 18 månadar, sidan det var militært sett nødvendig. Dette var likevel ikkje mogleg å gjera ved etableringa av brigaden, hausten 1953, på grunn av forsinkingane i utbygginga av personellorganisasjonen. Hærens overkommando meinte dette kunne vera mogleg i 1954.Lundesgaard 1995:35Breidlid m.fl. 1990:207 Forsvarsdepartemet var usamde i dette, og vart aldri gjennomført. Samanlikna med andre nabo- og NATO-land, hadde brigaden ein av dei kortaste tenestetidene, berre Luxembourg og Sverige hadde kortare. I Austblokk-landa var tenestetida mellom 2 og 5 år.Breidlid m.fl. 1990:207

Garnisonar Ei utfordring var spørsmålet om kor ein skulle plassera avdelingane frå Tysklandsbrigaden. Etter ønske frå Forsvarsministeren i desember 1951, kom det forslag til kor avdelingane skulle plasserast. Naturleg nok, tok Hærens overkommando på seg ansvaret til å plassera avdelingar i garnisonar. Forslaget deira frå 1952 såg slik ut:

Heggelia leir: Brigadekommando, militærpolititropp, Sambandskompani og Luftvernbatteri Bardufoss leir: Transport- og forsyningskompani, Brigadeverkstad (Våpenteknisk kompani) og Sanitetskompani Setermoen garnison: Infanteribataljon nr. 1 og feltartilleribataljonen Skjold garnison: Infanteribataljon nr. 2, Ingeniørkompaniet, Oppklaringseskadron og kløvkompani Dette forslaget vart stort sett godkjent av Forsvarsdepartementet 28. mai 1952, med unnatak av Oppklaringseskadronen, som vart plassert saman med Stridsvognstroppen i Bardufoss. I samsvar med tilrådingar frå sjefslegen på denne tida, fekk Sanitetskompaniet etablert ein ny leir på Setermoen.Lundesgaard 1995:39 Få militære avdelingar har vorte flytta i ettertid; situasjonen er stort sett lik som i 1952.

Ei anna utfordring var at alle etablissementa ikkje stod ferdig til dei nyetablerte brigadeavdelingane. Dette var særs gjeldande i Troms, der avdelingane frå Tysklandsbrigaden skulle plasserast. Oppføring av nye kaserner var prioritert i Setermoen leir og Maukstadmoen leir. Dette førte til at soldatar tok i bruk midlertidige brakkar og telt.Breidlid m.fl. 1990:219 Det var ei krevjande oppgåve for Forsvarets bygningstekniske korps å byggja ut til Brigade 521 var på plass i Nord-Noreg.Lundesgaard 1995:40 Stortingent vedtok i 1951 eit treårig byggeprogram, for å vera i stand til å husa brigadesoldatane og -offiserane. Dette nasjonale byggeprogrammet fekk ein prislapp på 735 millionar kroner, der 60 millionar gjekk til Brigaden i Nord-Norge.Breidlid m.fl. 1990:217

Nedlegging og gjenoppretting I 1995 vart den 42 år gamle brigaden lagt ned til fordel for ein ny forsvarsordning. Motivasjonen bak denne endringa var Forsvarsstudien frå 1992, som konkluderte med at eit sterkt invasjonsforsvar i Troms var naudsynt. Dette kunne best gjerast gjennom ein feltdivisjon, den mest kosteffektive eininga for Hæren på den tida.Lundesgaard 1995:425 Avdelingane i brigaden inngjekk i ein ny feltdivisjon, ein overordna kommandostruktur for styrkane i Nord-Noreg. Frå august 1996 opphøyrde Brigaden i Nord-Norge å vera ein operativ avdeling, og Heggelia, Skjold og Setermoen vart sjølvstendige garnisonar direkte under 6. divisjon sin kommando.Lundesgaard 1995:429 Frå 2002 bar kommandostrukturen det tradisjonsrike namnet 6. divisjon, som har røter tilbake til 1897.Lundesgaard 1995:425 Tanken var at 6. divisjonskommando skulle romma fleire brigadar. Ikkje mange år etter vart divisjonen lagt ned. Brigaden vart revitalisert som Brigade Nord i 2009.

Kontroversar

Skrytevideo I 2013 laga Forsvaret og selskapet Gyro ein informasjonsvideo om Hæren, som skildra evnene og kapasiteten til Brigade Nord. Videoen innleiar med ein nyhendeinnslag der ein fiktiv utbrytarrepublikk har gått til krig over olje- og gassressursar på kysten av Rogaland. I videoen vart det blant anna hevda at Hæren består av godt trente soldatar som er klar til innsats. Videoen skildrar Brigade Nord som den mest slagkraftige avdelinga i Hæren, som er innsatsklar til heile landet. Jacob Børresen, ein tidlegare offiser, uttalte at det «er rent oppspinn og hemningsløs propaganda». Han uttalte at videoen bør vera ei målsetjing for Hæren. Jan Arild Elllingsen frå FrP, medlem av Utenriks- og forsvarskomiteen på Stortinget, skildrar videoen som ein bløff. Han meiner det jukses med fakta, og meiner at ein ikkje bør visa eit illusorisk bilete. Responstida som videoen skildrar vart òg kritisert: Videoen hevdar at Brigade Nord er stridsklar på få timars varsel, noko ein kan setja spørsmålsteikn ved. Seniorrådgjevar i Hæren, Brede Hertzenberg, uttalte i ettertid at kritikken var sann; videoen gav ikkje korrekt bilete av Brigade Nord, men det var heller ikkje intensjonen.

Manglande forsvarsevne