mini|Geir kl. 18 den 21. juni 2013. Geir var eit varsla ekstremvêr utstedt 21. juni 2013 for Agder, Telemark, Buskerud og Oppland. Varselet gjaldt lokalt ekstremt mykje nedbør i løpet av kvelden og natta. Det vart ikkje meldt om skadar på grunn av regnvêret.

Vêrsituasjonen Fuktige og ustabile luftmassar var på veg inn over Sør- og Austlandet. Nedbøren hadde byepreg og det var venta store variasjonar i nedbørsmengd frå stad til stad. Enkelte stader var venta å kunne få 50-90 mm i løpet av 12 timar.

Verknad Berre tre vêrstasjonar målte nedbør over 50 mm i løpet av episoden, og det var kanskje dermed ikkje berettiga å gje vêret status som ekstremvêr.. Returperioden var 5-20 år på dei nedbørsmengdene som kom, men det kan ha kome meir nedbør andre stader enn der vêrstasjonane stod, sidan nedbøren kom i form av kraftige byer.

Våtast vart det i Hemsedal som fekk 59,9 mm.

Nedbørmålingar

Stasjon Kommune Fylke Nedbør (mm) Returperiode (år) Rekord (mm) Dato for rekord Hemsedal Hemsedal Buskerud 59,9 15 68,1 5. april 2001 Rjukan Tinn Telemark 53,0 5 134 29. juni 1927 Uvdal kraftverk Nore og Uvdal Buskerud 52,7 - - - Tunhovd Nore og Uvdal Buskerud 51,0 20 86 26. juni 1977 Venabu Ringebu Oppland 50,4 20 52 4. juli 1982 Foldsæ Fyresdal Telemark 49,0 5 83,9 5. september 1968 Atnsjøen Stor-Elvdal Hedmark 48,9 10 65,6 15. august 2003 Skåbu Nord-Fron Oppland 48,4 20 52,3 14. august 1994 Tveitsund Nissedal Telemark 47,8 2 77,5 5. september 1968 Risør brannstasjon Risør Aust-Agder 47,3 1 113,6 23. oktober 2002

Sjå òg Ekstremvêr i Noreg

Kjelder

Geir Kategori:2013 i Noreg