Out of the Blue er det sjuande studioalbumet av den britiske rockegruppa Electric Light Orchestra (ELO), gjeve ut i oktober 1977 som eit dobbeltalbum. Alle songane var skrivne og produserte av Jeff Lynne. Albumet er eit av dei bestseljande i heile historia til gruppa.
Innspeling Jeff Lynne skreiv heile albumet på tre og ei halv veke etter eit kreativitetsutbrot i ei fjellhytte i dei sveitiske Alpane. Det tok så to månader å spele det inn i München. Side tre av den originale LP-utgåva består av den symfoniske Concerto for a Rainy Day, som består av fire separate songar som i lag dannar ein samanhengande suite. Concerto-suiten var siste gong Lynne arbeidde med symfonisk rock.
Plateomslag Det store romskipet på omslaget av albumet vart designa av Kosh med teikningar av Shusei Nagaoka. Det var basert på logoen Kosh designa for ELO på det førre albumet deira, A New World Record, og er knytt til Star Wars og Close Encounters of the Third Kind som var særs populære på denne tida. Det ser òg ut som ein romstasjon frå 2001: A Space Odyssey (1968).2001: A Space Odyssey (1968) – Posters Nummeret JTLA 823 L2 som står på romskipet som kjem fram til romstasjonen, er det originale katalognummeret på albumet. Romskipstemaet vart teke vidare på turneen etter dette albumet, då heile scenen var forma som eit romskip.
Utgjeving
Albumet hadde eit førehandssal på fire millionar eksemplar og selde raskt til fleire gonger platinaplate då det kom ut. Out of the Blue inneheldt fem songar som vart hitsinglar i forskjellige land, og var det bestseljande albumet til ELO. Det var òg det første doble albumet i historia i historia til britiske hitlister, som gav fire singlar på topp 20 i Storbritannia.Lynne reknar A New World Record og Out of the Blue som dei beste albuma til bandet,[ allmusic ((( A New World Record > Overview )))]Wild, David. «The Story of a Rock and Roll Band and the Pop Genius Who Dared to Go Baroque.» Flashback. og begge selde særs bra. Lynne fekk den første Ivor Novello-prisen sin for bidraga sine til britisk musikk i 1978.
Billy Altman skreiv i ei melding i januar 1978 i Rolling Stone at han følte albumet var «omhyggeleg produsert og framført» og synte påverknad frå the Beach Boys, the Bee Gees og the Beatles, men at resultatet til slutt var «holt og middels». Kritikken har mildna i løpet av åra, som til dømes i meldinga til Rob Mitchum frå 2007: «Å kalle inn ein strykeseksjon og bestille eit plateomslag med eit romskip på kan vere å gamble stort, men Out of the Blue er eit bevis på kor bra det kan høyrast ut når ein nyttar ein storslått tilnærmingsmetode.»
Albumet er inkludert i boka 1001 Album You Must Hear Before You Die.Outline Page
Den 3. oktober 2013 vart albumet rangert på 23. plassen for dobbeltalbum som har seld minst 1 million selde einingar på VH1-programmet Double Trouble.
Innhald
30-årsjubileumsutgåva 30-årsjubileumsutgåva av albumet vart gjeve ut i februar 2007 med tre bonusspor, som ein del av Sony/BMG Music Epic/Legacy-serien. Utgåva kom eit avgrensa opplag i ei innbunden bok på 24 sider.
I 2012 gav Music on Vinyl ut Out of the Blue på vinyl. Dei første 1000 eksemplara vart laga på gjennomsiktig blå vinyl, medan resten var på tradisjonell svart vinyl.
Bonusspor i 2007 «Wild West Hero» (Alternate Bridge – Home Demo) – 0:24 «The Quick and the Daft» – 1:49 «Latitude 88 North» – 3:24
Medverkande ELO Jeff Lynne – solovokal, korvokal, gitarar, perkusjon, Wurlitzer elektrisk piano, Minimoog Bev Bevan – trommer, perkusjon, Rototoms, gong, korvokal, brannslokkar på «Mr. Blue Sky» Richard Tandy – piano, Wurlitzer elektrisk piano, ARP 2600, Minimoog, Polymoog, ARP Omni, ARP Odyssey, Hohner clavinet, elektrisk gitar Kelly Groucutt – solovokal på «Sweet is the Night», korvokal, bassgitar, perkusjon Mik Kaminski – fiolin Melvyn Gale – cello, piano på «Wild West Hero» Hugh McDowell – cello Louis Clark – dirigent
Produksjon Jeff Lynne – Produsent Mack – lydteknikar Jeff Lynne, Richard Tandy og Louis Clark – orkester- og korvokal
Lister
Vekeslister Liste (1977–79)PlasseringAustralian Kent Music Report Album Chart3Canadian RPM Album ChartLibrary and Archives Canada. Henta 15. februar 20152Nederland - Mega Album3Fransk SNEP albumliste14Italiensk albumliste23Japanske Oricon albumliste32New Zealand6Norske VG-lista3Sverige2UK Album Chart4US Billboard 2004US CashBox5Vesttysk Media Control albumliste7 Nyutgjeving Liste (2007)PlasseringUK Album Chart18
Årslister Liste (1977)PlasseringAustralian Album Chart59Nederland36UK Album Chart48Liste (1978)PlasseringAustralian Album Chart11Canadian Album Chart46Nederland15Italia80UK Album Chart7US Billboard Year-End18Liste (1979)PlasseringUK Album Chart26
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Out of the Blue (Electric Light Orchestra album)» frå , den 15. februar 2015. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Diskografi på Discogs.com
Kategori:Musikkalbum frå 1977 Kategori:Album produserte av Jeff Lynne Kategori:Electric Light Orchestra-album Kategori:Epic Records-album Kategori:United Artists Records-album Kategori:Jet Records-album Kategori:Plateomslag av John Kosh